Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Fekk full klaff med søknad - byggjer opp kurs og utdanning i recovery

Denne veka ga Extrastiftinga 1,5 millionar kroner til prosjektet «Recoverykurs og recoveryutdanning». Ikkje rart at prosjektleiarane Kristin Ådnøy Eriksen og Marianne H. Wennersberg jublar.


Prosjektleiarane Kristin Ådnøy Eriksen og Marianne H. Wennersberg i HSH og FOUSAM har fått 1,5 millionar kroner frå Extrastiftinga til å utvikle kurs og utdanning innan «Recovery», eller betringsprosessar. Kort sagt handlar «recovery» om å følgje opp menneske med psykiske problem eller lidingar, og hjelpa dei til å leve meiningsfulle og gode liv. Søknaden frå FOUMSAM gjekk gjennom Rådet for psykisk helse.

Det er forskings- og utviklingseininga FOUSAM (felles forskings- og utviklingseining mellom Helse Fonna, Høgskolen Stord/Haugesund og 18 kommunar i Helse Fonna Regionen) som har vunne fram med prosjektet.

Meiningsfulle og gode liv

Prosjektleiar Kristin Ådnøy Eriksen i HSH beskriver prosjektet slik:

- I samarbeid med Karmøy kommune vil me utvikle og gjennomføre recoverykurs og recoveryutdanning basert på modell frå "Recovery College" i England.

Recovery, eller betringsprosessar, handlar om å følgje opp menneske med psykiske problem eller lidingar, og hjelpa dei til å leve meiningsfulle og gode liv.

Eigen betringsprosess

- Me kjem til å bruka midlane på å utvikle eit kurs for personar som er brukarar av psykiske helsetenester i Karmøy kommune. Kurset handlar om eigen betringsprosess.

- Så vil me byggja ei utdanninga for personar som er tilsett som medarbeidar med brukarerfaring og andre som ynskjer å vera til hjelp for andre.

- Det handlar om å støtte andre i deira betringsprosess, og praksis i psykiske helsetenester blir ein del av opplæringa.

Brukarerfaring viktig

Kristin Ådnøy Eriksen tek mellom anna med seg erfaringar frå England inn i utviklinga av tilbodet.

- Tilsvarande kurs har vist seg å gje betre sjølvkjensle og kontroll i eige liv. Og bruk av medarbeidarar med brukarerfaring tilsett i helseteneste bidreg til betre tenester for pasientane der.

Arbeidet med recovery er også tema for ein stor forskningssøknad som FOUSAM har sendt til Norges Forskningsråd.


Publisert: 16/12-2016, kl. 13:30
Art.id: 2016120000002866
Antall ganger lest: 2930

Arkivsøk: