Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Gjer ingeniørutdanninga i Sunnhordland meir digital og tettare på arbeidslivet

HSH har i mange år vore i førarsetet når det gjeld å ta i bruk digitale verktøy i undervisinga. No har høgskulen fått kroner 700 000 til å løfta den skreddarsydde ingeniørutdanninga i Sunnhordland inn i den digitale verda og tettare på arbeidsplassane til studentane.


Rannveig Litlabø (prosjektleiar for Ingeniørutdanning i Sunnhordland) og Aslaug Grov Almås (førsteamanuensis IKT i læring) står i spissen for prosjektet.

- Gjennom digitale undervisningsmetodar skal me i langt større grad utnytta det potensialet som ligg i arbeidsplassen som arena for læring, fortel drivkreftene i prosjektet, Rannveig Litlabø og Aslaug Grov Almås i HSH.

I oktober sende dei inn ein søknad om prosjektmidlar til Norgesuniversitetet, og like før jul kom gladmeldinga.

Prosjektet «Framtidas ingeniørutdanning i Sunnhordland - Kva "pedagogisk omstilling" er nødvendig for å møta omstillinga i arbeidslivet?», var eitt av prosjekta som gjekk gjennom nålauget.

Læringa i fokus

Prosjektet er eit spanande samarbeid mellom Avdeling for tekniske, økonomiske og maritime fag og Avdeling for lærarutdanning og kulturfag på HSH. I tillegg vil etter- og vidareutdanningskontoret på HSH vera med.

- Og det viktigaste av alt er jo at Apply Leirvik og Kværner vil vera med på dette,, seier Rannveig Litlabø og Aslaug Grov Almås. Industriverksemdene har delteke i søknadsprosessen.

Dei fortel at det nye prosjektet rettar seg inn mot to tematiske område «Aktiv læring» og «Digitale læringsformer for arbeidslivet».

Det å utvikla utdanningar i samarbeid med næringslivet, er ei av målsettingane til den nye Høgskulen på Vestlandet. Samstundes veit ein at ulike kulturar for læring eksisterer på høgskular, universitet og i industrien.

- Diskusjonar rundt undervisningsformer er krevjande, men er ei svært viktig målsetjing for dette prosjektet.

Jobba på tvers

HSH har lang erfaring med nettstøtta og fleksible utdanningar på fleire område. Det ynskjer ein no å ta vidare.

- I prosjektet ynskjer me å utnytta våre erfaringar ved at ressurspersonar i høgskulen jobbar på tvers inn mot andre avdelingar og ut mot industrien i Sunnhordland.

- I tillegg ønskjer me å fremja den «praktiske ingeniøren», som er sjølve nøkkelordet for dei to nye ingeniørutdanningane på Stord.

Den praktiske ingeniøren

Gjennom «Ingeniørutdanning i Sunnhordland» (lenke til studietilbodsida i HVL) får fagarbeidarar som har gjennomført 2-årig teknisk fagskule ein unik mogelegheit til å vidareutdanna seg til ingeniørar.

- I dette nye løpet ønskjer me å få eit tydelegare fokus på den praktiske sida av ingeniørutdanninga. Ved å leggja til rette for eit fleksibelt løp, der ein ved hjelp av digitale verkemiddel kan knyta den forskingsbaserte kunnskapen frå høgskulen opp mot studentane sine eigne arbeidsoppgåver og erfaringar frå arbeidslivet, vil ein styrka både det pedagogiske arbeidet og læringsutbyttet sin relevans for næringslivet, seier dei.

Studentane blir meir aktive

Prosjektet går over to år og startar rett over nyttår. Rannveig Litlabø og Aslaug Grov Almås har stor tru på opplegget.

- Me ser eit sterkt behov for å auka det pedagogiske fokuset i slike typar utdanningar. Sjølv om me per i dag brukar streaming av førelesingar og digitale løysingar for nettmøter, er dagens modell prega av tradisjonell undervisning der faglærarar, både frå HSH og industrien, brukar dei undervisningsmetodar dei er vane med frå eiga utdanning.

- Ved å nyttiggjera oss av studentane sine eigne arbeidsplassar som arena for læring, vil ein både gjera studentane meir aktive i læringsprosessen, og ein vil få eit sterkare band til industrien og den praktiske sida av utdanninga.

Industrien er tett på

Eit tett samarbeid med industrien blir viktig.

- For å kunna nå målsettinga vår om å utvikla ein ny pedagogikk med digitale undervisningsmetodar, er me avhengig av å få eit tettare samarbeid med industrien og ta tak i dei «kulturforskjellane» ein finn mellom UH-sektor og industri.

- Første del av prosjektet vil difor vera å arrangera ulike seminar der aktørar frå både høgskulen og industrien møtes for å drøfta mål og meining med ei slik arbeidsform, kva teknologi ein vil bruka til dette og kva type kompetanse ein bør henta inn for å få best mogeleg resultat.

Store hendingar som verksemdene er opptekne av til ei kvar tid, til dømes ferdigstilling av store prosjekt, som Johan Sverdrup, må i langt større grad utnyttast til studentane sin fordel.


Publisert: 29/12-2016, kl. 13:30
Art.id: 2016120000002868
Antall ganger lest: 15724

Arkivsøk: