Om Høgskolen Stord/Haugesund (HSH)

For kart og bilete over høgskuleområda, sjå her.
HSH er ein mellomstor og moderne høgskule med om lag 3000 studentar og 260 tilsette. Me tilbyr spennande utdanningar på bachelor- og masternivå, eit rikt utval av etter- og vidareutdanningar og utfordrande forskingsprosjekt i aktive fagmiljø. Me har studiestader på Stord og i Haugesund.
Høgskulens satsingsområde er:
- Didaktikk og profesjonskunnskap
- Petromaritim næringsverksemd
- Helsefag
Me har eitt masterstudium i IKT i læring, og to samarbeidsmastere innan meistring og mynddiggjering og teknisk sikkerhet. Den fyrste i lag med Høgskulen i Volda. Den andre i lag med Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger.
Sidan 2008 har HSH vore med i UH-nett Vest.
HSH vart etablert 1. august 1994, då Statens sikkerhetshøgskole, Haugesund Sjukepleierhøgskole, Stord Lærarhøgskule og Stord Sjukepleiarhøgskule vart slått saman. I 2000 vart avdeling for sikkerhetsopplæring (Bleivik) skilt ut som eige aksjeselskap, og me kjenner det i dag som ResQ A/S.
Utfyllande historikk kan du lesa her (PDF)