Du er no på nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Sider her blir einskildvis skjult etterkvart som likt dekkjande innhald blir tilgjengeleg på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

HSH er Miljøfyrtårn-verksemd

HSH vart i juni 2011 sertifisert som Miljøfyrtårn. Denne nettsida gir oversikt over status og relevante dokument i prosessen.

I 2014 blei HSH re-sertifiserast.

To personer holder grafisk trykk
Stord: Varaordførar Leif Steinar Alvsvåg i Stord kommune ga rektor Egil Eide beviset på at HSH er sertifisert som Miljøfyrtårn.

Person mottar diplom av ordfører mens publikum klapper
Haugesund: Ordførar Petter Steen jr. i Haugesund kommune gratulerte rektor Egil Eide og HSH med å ha blitt Miljøfyrtårn.

Kva er Miljøfyrtårn?

Ei verksemd kan kalla seg Miljøfyrtårn nå ho er tildelt miljøfyrtårnsertifikat frå Stiftelsen Miljøfyrtårn. Stiftelsen står bak eit nasjonalt program med mål om å gjera næringsliv og offentlege verksemder miljømedvitne og utvikla organisasjonane slik at uønska miljøpåverknad vert redusert.

Miljøleiing og samfunnsansvar

Gjennom ein sertifiseringsprosess skal verksemdene sin nosituasjon kartleggjast på områda HMS, transport, energibruk, avfall, innkjøp og materialforbruk, utslepp til luft og vatn og estetikk.

Miljøfyrtårnsertifiserte verksemder må oppfylla generelle krav og konkrete bransjekrav. Status skal rapporterast årleg i ein miljørapport saman med miljøhandlingsplan.

Stiftelsen Miljøfyrtårn kan du lesa om her.

Miljøomsyn er også eit personleg ansvar!

Alle tilsette og studentar kan vera med på å gjera HSH til ein meir miljøvenleg organisasjon. Miljøhaldning og handling er ofte lite krevjande, men når mange tenkjer likt kan summen av handlingar gagna miljøet både lokalt og globalt.

Ver med på å gjera HSH meir miljøvenleg ved å bruka ?Sei-i-frå?-knappen om miljøtilhøve som du synest bør rettast på eller du kan koma med framlegg om nye tiltak.

Andre nettsider om miljø

Miljørelatert litteratur på høgskulebiblioteket

Kontakt

Kontaktperson og Miljøfyrtårn-koordinator: Ernst Wilhelmsen, HR-rådgjevar

Sida ble sist oppdatert: 07.04.2016