Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Leiinga i HSH

Leiinga i HSH er sett saman av ei valt leiing og ei tilsett leiing. Rektor, direktør og dei tre dekanane utgjer toppleiargruppa i HSH

Pressefoto

Du finn bilete av leiinga her.

Valt leiing:

Rektor er høgskolestyret sin leiar, og har på styret sine vegne det overordna ansvar for og leiing av institusjonen si verksemd og fører tilsyn med denne. Rektor er institusjonen sin rettslege representant og institusjonen sin talsperson ovanfor offentlege styresmakter og ålmenta.

Rektor vert vald av alle tilsette og studentar for ein periode på fire år.

Tilsett leiing:

Direktør er øvste leiar for den samla administrasjonen i HSH, innanfor dei rammer som styret har sett. Direktør er sekretær for styret og skal, etter samråd med rektor, førebu og gi tilråding i dei saker som vert lagde fram for dette.

Direktør er og ansvarleg for at den samla økonomi og formue vert forvalta i samsvar med departementet sine generelle bestemmelsar om økonomiforvaltninga og føresetnader for tildeling av bevilgningar.

Dekan har det faglege, administrative og økonomiske ansvaret for all aktivitet innan avdelinga sitt arbeidsområde.

Dei tre dekanane er tilsette på åremål frå 01.01.2016 til 31.07.2019.

Studieleiarane leiar utdanningane med fagleg og økonomisk ansvar etter delegasjon frå dekan. Dei er tilsett på åremål.

Avdeling for lærar- og kulturfag:

Avdeling for helsefag:

Avdeling for tekniske, økonomiske og maritime fag:

Leiargruppa i HSH:

Leiarforum:

  • Direktør, rektor, dekanar, studieleiarar, programleiarar, to representantar for dei hovudtillitsvalde, leiar og nestleiar i Studentparlamentet. Einingsleiarar eller andre innkallas ved høve.
  • Årshjul og mandat for Leiarforum

Leiarar av seksjonane i fellestenestene:

Sida ble sist oppdatert: 06.09.2016