Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Utvalg/nemnder


Arbeidsmiljøutvalet (AMU)

Formål

Arbeidsmiljøutvalet er eit lovpålagt utval, jf. arbeidsmiljølova § 7-1. Arbeidsmiljøutvalet skal virke for gjennomføring av eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i verksemda (jf. arbeidsmiljølova § 7-2 nr 1), og er både rådgjevande og besluttande. Utvalet skal delta i planlegging av verne- og miljøarbeidet, og nøye følgje utviklinga i spørsmål som angår tryggleik, helse og velferd for arbeidstakarane(aml §7-2)

Oppgåver

Arbeidsmiljøutvalet sine oppgåver er fastsett i arbeidsmiljølova § 7-2 og i forskrift av 20. desember 2010 nr 1621 §9

Arbeidsmiljøutvalet arbeider inn mot direktøren, men rapporterer til styret.

Medlemmer

Arbeidsmiljøutvalet er samansett av: direktør, tre representantar oppnemnd av arbeidsgivar, tre representantar for tilsette (oppnemnd av fagorganisasjonane), hovudverneombod og bedriftshelseteneste (utan stemmerett). Leiar for utvalet vert vald vekselvis av arbeidstakar- og arbeidsgivarrepresentantar for eitt år om gongen.

Sakspapir

Sakspapir Veileder for utvalgsarbeid i staten


Klagenemnda

Formål

Klagenemnda er eit lovpålagt utval som er heimla i UH-lova §5-1. Nemda er eit uavhengig organ ved institusjonen som medfører at vedtak i klagesaker ikkje kan påklagast til høgskolestyret.

Klagenemnda handsamar alle klager over enkeltvedtak med heimel i lov om universitet og høgskoler §4-7 (annulering av eksamen eller prøve) og § 4-8 (utestenging og bortvisning). I tillegg gjer Klagenemda vedtak i klager på enkeltvedtak, jfr. UH-lova §5-1.

Medlemmer

  • Siri Øvstebø (advokat), leiar av Klagenemda
  • Svein Ove Lysne, tilsett Stord (vara: Elisabeth L Sørdal)
  • Lise Langåker, tilsett Haugesund (vara: Karen Johanne Vae)
  • Peter Øverlie, student Haugesund (vara: Torbjørn Waarhuus)
  • Margrete Lauksund, student Stord (vara: Eirik Dyhrfjeld)
  • Aslaug Margareth Lunde, sekretær for Klagenemda

Læringsmiljøutvalet (LMU)

Formål og oppgåver

Læringsmiljøutvalet er eit lovpålagt utval, jfr. UH-lova § 4-3, og rapporterer til høgskolestyret.

Formålet med Læringsmiljøutvalet er at det skal bidra til eit godt fysisk- og psykososialt læringsmiljø ved institusjonen.

Mandat/oppgåver

  • Ansvar for å nedsette komite for planlegging og gjennomføring av den årlige Læringsmiljøkonferansen (LMK) representativ for dei tre arrangørane HSH, Studentparlamentet og Studentsamskipnaden.
  • Evaluering og oppfølging av HSH sitt meldingssystem "Sei i frå"
  • Evaluering og oppfølging av resultat i Studiebarometeret, og eventuelle andre undersøkingar som omhandlar studentane sitt fysiske og psykososiale læringsmiljø.
  • Utarbeide og følge opp årleg handlingsplan
  • Avgje årleg rapport til Høgskolestyret

Samansetning

Studiesjef, studentrådgjevar, driftssjef, ein fagtilsett (oppnevd av direktør for ein periode på to år), fire studentrepresentantar (leiar for studentråda, leiar av Studentparlamentet og ein student vald av Studentparlamentet). Utvalet veljer leiar kvart år og veksler mellom leiar frå institusjonen og studentane sine representantar. Studentsamskipnaden, Statbygg og Kvalitetskoordinator er observatørar i utvalet.

Årshjul

Læringsmiljøutvalet sakshandsamer faster saker i minst to møte per semester:

Faste saker (primo oktober)

  • Konstituering og val av leiar
  • Årsrapport for forrige studieår
  • Innspill til komite for LMK

Faste saker (primo desember)

  • Orientering om "Sei i frå" meldingar

Faste saker (ultimo mars):

  • Dialogmøte med leiinga
  • Evaluering og oppfølging av LMK
  • Evaluering og oppfølging av resultat i Studiebarometeret

Faste saker (ultimo mai)

  • Rullering av handlingsplan
  • Orientering om "Sei i frå" meldingar

Medlemmer studieåret 2016/2017

Læringsmiljøprisen

Utdelte prisar 2005 og framover
Læringsmiljøpris Studentforeiningspris Heiderspris studentar
2005 Studentopplevelser
2006 Studentdykkerklubben Gavin S. Williams
2007 Studentersamfunnet i Haugesund
2008 Samfunnsfagseksjonen på lærarutdanninga Studentopplevelser Espen Fosse, Anne-Martha Utne Øygarden og Vibeke Robberstad
2009 Læringsmiljøkonsulent Nils Olai Heimark i Studentsamskipnaden Haugesund studentidrettslag og Maritime studenter
2010 Rådgjevar Martin Risvold IKT-brukarstøtta Haugesund studentidrettslag Cecilie Hammersland
2011 Kunst og handverk-seksjonen på lærarutdanninga Studentersamfundet på Stord
2012 Arjen Kraaijeveld StudKick
2013 Studieleiar Johanne Marie Trovåg Studentdykkarklubben Kristine Vindheim, Benedikte Elvik og Michelle Bjørnnes
2014 Alf Aronsen Studentersamfunnet i Haugesund
2015 Øystein Grøndahl Haugesund Studentidrettslag og Studentidrettslaget Råmund Stian Golden

Sjå også

Skikkethetsnemnd

Formål

Skikkethetsnemnda er lovpålagt med heimel i UH-lova § 4-10 og forskrift av 30.06.06 nr.859. Skikkethetsnemnda innstiller til høgskolestyret.

Løpande skikkethetsvurdering av alle studentar skal føregå gjennom heile studiet og skal inngå i ei heilskapsvurdering av studentane sine faglege og personlege føresetnader for å kunne fungere som lærar eller som helse- eller sosialpersonell.

Medlemmer

  • Anny Norlemann Holme, Institusjonsansvarleg
  • Tine Odland, ekstern representant (jurist)
  • Britt R Theodorsen, studieleiar grunnskolelærarutdanninga
  • Erik Bulie, faglærar på lærarutdanninga
  • Sigrid Røsseland, praksisfeltet lærarutdanninga
  • Marita Hernes, student lærarutdanninga
  • Leif-Steinar Alfsvåg, studieleiar sjukepleieutdanninga
  • Helga Hauge, faglærar sjukepleieutdanninga
  • Anne Karin Fossdal, praksisfeltet sjukepleieutdanninga
  • Peter Øverlie, student sjukepleieutdanninga

Tilsettingsutval for tekniske og administrative stillingar

Formål

Tilsettingsutvalet for tekniske og administrative stillingar er oppretta med heimel i staten sitt Personalreglement for statlige høgskolar. Utvalet er felles for institusjonen og rapporterer til direktøren.

Utvalet lyser ut og tilset i tekniske og administrative stillingar som er faste, på åremål eller midlertidige stillingar/vikariat på meir enn seks månadar. Utvalet handsamar vidare saker om vidareutdanning for teknisk- og administrativt tilsette og innstiller til direktør når det gjeld konkret bruk av kompetansehevingsmidlane, retningsliner og praktisering.

Medlemmer

Tilsettingsutval for tekniske stillingar

Tilsettingsutval for administrative stillingar:


Tilsettingsutval for undervisnings-, forskar- og utdanningsstillingar

Formål

Tilsettingsutvalet for undervisnings-, forskar- og utdanningsstillingar er oppretta med heimel i UH-lova §6-3. Utvalet er felles for institusjonen, og rapporterer til direktøren.

Utvalet lyser ut og tilset i undervisnings-, forskar- og utdanningsstillingar som er faste, på åremål eller midlertidige stillingar/vikariat på meir enn seks månader. Det er vidare Tilsettingsutvalet som godkjenner opprykk for fagtilsette på bakgrunn av kommisjonsvurdering.

Tilsettingsutvalet arbeider etter følgjande forskrifter:

Medlemmer


Valstyret

Formål og organisasjonsmessig tilknytning:

  • Valstyret ved HSH er eit ikkje lovpålagt utval, oppretta av høgskolestyret
  • Valstyret er ansvarleg for at val av tilsette og studentar til høgskolestyret blir gjennomført etter valreglementet. Det same gjeld for val av rektor.
  • Valstyret rapporterer til direktøren

Mandat/oppgåver:

  • Reglement for valstyret er vedteke av høgskolestyret ved HSH i sak 5/07.
  • Bestemmelsar i UH-lova om val.

Samansetjing:

5 medlemmer og 5 personlege varamedlemmer. Av desse skal det vera 1 studentrepresentant med vara, 1 representant for teknisk/administrativt tilsette med vara. Medlemmer og varamedlemmer blir oppnemnd av høgskolestyret.

Leiar for utvalet: Styret vel sjølv.

Nestleiar for utvalet: Styret vel sjølv.

Sekretærfunksjon: Direktøren/sekretariatet.


Sida ble sist oppdatert: 04.10.2016