Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Val 2015

Ved HSH skal det no i oktober 2015 veljast rektor og fire interne styremedlemmer. Dei skal veljast for perioden 1. januar 2016 til 31. juli 2019.

Utover desse nemnar Kunnskapsdepartementet opp fire eksterne styremedlemmer og studentane vel sjølv sine medlemmer til høgskulestyret. Høgskulestyret skal ha 11 medlemmer, kor rektor er styreleiar.

Rektorvalet:

For å kunne nominere rektorkandidatar og kandidatar til interne styrerepresentantar, må ein ha røysterett. Både tilsette på HSH og eksterne kandidatar kan veljast som rektor.

Val på interne styremedlemmer

Det er tre fagleg tilsette (med tre vara), ein teknisk/administrativ tilsett (med ein vara) som skal veljast.

Frist:

Fristen for å kome med forslag på kandidatar er 25. september. Forslag til rektorkandidatar og styremedlemmer skal sendast på e-post til postmottak@hsh.no

Tidsplan:

  • 21. september: Manntallet vert lagt ut - sjekk: https://ans.hsh.no/val
  • 25. september: frist for å nominere kandidatar
  • 1. oktober: Revidert valreglement vert vedteke av styret
  • 2. oktober: Møte i valstyret for godkjenning og samordning av kandidatar. Kandidatane vil bli presentert på HSH sine nettsider
  • 14. oktober: Valmøte på Stord og i Haugesund kor rektorkandidatane får høve til å presentera seg. Haugesund: Kl. 12.15-13.15 i auditorium A - Stord: Kl. 14.30-15.30 på rom UND 161
  • 19.-20. oktober: Elektronisk val på rektor og styremedlemmer. Møte i valstyret kl 14.00, med avslutning av valet og kunngjering av resultat.

Kontaktinfo:

Spørsmål om valreglement og gjennomføring av val, kan rettast til valstyrets leiar Halle Hjelle.

Sida ble sist oppdatert: 24.09.2015