Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Dine rettar og plikter

Kva rettar har du på HSH?

Studierett

Når du har betalt semesteravgift og semesterregistrert deg (godkjendt utdanningsplanen din) på StudentWeb innan gjeldande fristar, blir du rekna som student ved HSH. Du vil dermed få dei rettane som er knytt til det å vera student.

Me tilsette ved HSH vil gjere vårt beste for at du skal få ei fin studietid hos oss.

Overheld du derimot ikkje fristane vil studieretten din bli inndratt.

I lover og reglar kan du lesa meir.


Kva plikter har du på HSH?

Som student har du plikt til å halda deg informert om:

Lover og reglar

  • Lover og reglar ved HSH, og retta deg etter desse
  • Reglane i Lov om universiteter og høyskoler
  • Forskrift om eksamen ved HSH
  • Reglar for eksamenskandidater samt studie- eller fagplanar på ditt aktuelle studium
  • Viktige datoar og frister

Her finn du ei oversikt over lover og reglar.

Informasjonskanalar

HSH nyttar 4 offisielle informasjonskanalar for å nå studentane og det er ditt ansvar å halda deg oppdatert på desse:

Meldingar som vert gjevne gjennom desse 4 offisielle informasjonskanalane er det same som om dei var gjevne til kvar enkelt student.

Studentportalen er det særskilt viktig å vere oppdatert på informasjon om:

StudentWeb finn du det HSH har registrert på deg. Eksamensopplysningane som ligg her er gjeldande. Ligg det konkurrerande informasjon på Fronter - ta kontakt med eksamenskontoret eller din studiekonsulent.

Adressa di

Det er ditt eige ansvar å kontrollera at dei adressene du har oppgitt til HSH til ei kvar tid er korrekte. Adresseopplysningane kan du sjekka og eventuelt endra på StudentWeb under Registreringer - Adresse.

Har du ikkje tilgong til StudentWeb - ta kontakt med Studenttorget/Ekspedisjonen så endrar me adressa di.

Merk deg at vitnemål alltid vert sendt til heimeadressa di!


Korleis blir du høyrt?

På HSH er det rom for engasjerte studentar!

Vil du oppleva noko meir enn førelesingar og klassemiljø, finn du uendelege høve her på HSH.

Bli med i Studentparlamentet, sosiale og/eller faglege studentforeiningar. Som student kan du bidra til å utvikla kvaliteten i utdanninga di og læringsmiljøet ditt ved å engasjera deg:

  • Bli tillitsvald i klassen, då blir du og medlem av studentrådet
  • Sitte i referansegrupper
  • Stilla til val for Studentparlamentet, det høgste, studentpolitiske organet ved høgskulen
  • Stilla til val for ulike verv/råd/nemnder
  • Stilla til val i studentforeningar
  • Stilla til val for styret i studentsamskipnaden

Bruk røysta di til å delta i evalueringar og årlege anonyme undersøkingar.

Kvalitetssystemet vårt er tufta på dialog og det er viktig at dei rette kanalane vert nytta. Bruk difor din tillitsvalde - Stord - Haugesund !

Les meir om tillitsvalde/studentråd/studentparlament her

Men nokon ting kan falle utanfor desse kanalane. I meldingssystemet "Sei ifrå" kan alle gje innspel til kvalitetsforbetring, anonymt eller med namn. Meldingane går til den som er ansvarleg for det aktuelle saksområde i HSH, og dei som oppgjer namn vil få tilbakemelding på tiltak.

"Sei ifrå" er eit supplement til, og skal ikkje undergrava den dialogbaserte forma for kvalitetsutvikling.

Du finn "Sei ifrå" ved å trykka på ikonet under:


Sei ifrå!

Sida ble sist oppdatert: 02.11.2015