Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Servicetorget

Velkommen innom!

HVL har 5 Servicetorg, eit på kvar campus, som fungerer som førstelinjer og informasjonssentre for studentar, søkjarar og andre som ønskjer kontakt med HVL. Her er alle velkomne og terskelen for å komma innom med spørsmål skal vera lav.

Les meir om meir om Servicetorga på Stord-Haugesund og dei ulike servicetorga på dei andre campusa til HVL.


IKT-hjelp

Treng du 'datahjelp'?

Målet til IKT-hjelp er å gjera datakvardagen din så enkel som mogleg. Dei er der for deg, så spør dei gjerne om hjelp. Anten det er i byrjinga av året eller i samband med oppgåvene du får i løpet av studiet.

Les meir om IKT-hjelp


Studiekonsulentar

Spørsmål om studiet ditt?

Har du spørsmål om utdanningsplanen din, innpassing av fag, permisjon osb. - din studiekonsulent er her for å hjelpe deg.

For time - kom innom Servicetorget eller send e-post direkte til din studiekonsulent.

Les meir om tilbodet frå studiekonsulentane


Studentrådgivar

Treng du nokon å snakke med?

På HSH er det òg ein studentrådgivar. Dette er eit tilbod som gjev deg høve til å snakka om personlege eller private forhold i livs- eller studiesituasjonen din. Studentrådgivaren kan òg gje rettleiing om rettar og søknader for studentar med funksjonshemming eller dysleksi.

Send e-post eller ring Thomas Mikkelsen - som er i Haugesund (4.etg) måndagar og onsdagar, elles på Stord (Sju123 - bak Studenttorget).

Les meir om tilbodet frå studentrådgivaren


Internasjonal koordinator

Er du interessert i utveksling, eller i å ta mastergrad i utlandet?

Du finn meir informasjon om fordelane med å reise på utveksling, kor du kan reise og mykje meir på Internasjonalt kontor sine nettsider www.hsh.no/internasjonalisering

Mykje av informasjonen du treng er på nettsidene, men internasjonal koordinator på din kampus kan hjelpe deg med veilledning og støtte i søknadsprosessen. Ta gjerne kontakt for veiledning på international.office@hsh.no


Studentparlamentet

Engasjer deg!

Studentparlamentet er HSH sitt høgaste studentpolitiske organ, og består av studentar frå alle avdelingane ved HSH. Me skal ivareta studentanes studentpolitiske rettar og velferdsmessige interesser.

Det finns ei særskild samarbeidsavtale mellom HSH og Studentparlamentet.

Har du spørsmål, ein sak du ønskjer å ta opp, er det noko du ikkje er nøgd med, eller vil du engasjere deg i Studentparlamentet; ta kontakt med oss:

Kontakt:

  • Parlamentsleiar: Kristine Krokli 135621@hsh.no
  • Nestleiar: Peter Øverlie 137728@hsh.no

E-post: parlamentet@hsh.no

Telefon: 52 70 28 80 (Haugesund) eller 53 49 15 71 (Stord).

Du er og velkommen innom studentkontoret vårt (på Stord SJU105 ved Studenttorget og i Haugesund i fyrste etasje).

For meir info, sjå Studentparlamentet.

Eg ønsker å stille til valg!


Studentsamskipnaden Stord/Haugesund (SSH)

SSH er ein lovfesta organisasjon som skal ivareta studentane sine velferdsbehov på studiestaden. SSH arbeider saman med skulen si leiing for at studentane har eit best mogleg studie- og læringsmiljø.

Studentbustadar, studentbarnehage, kaféar, bokhandel, helse- og rådgiving, tannhelsefond, støtte til studentforeningar og rabattavtalar for studentar er nokre av tiltaka våre.

Kontakt oss: samskipnaden@hsh.no

Søk studentbolig: www.boligtorget.no/ssh

Heimeside: www.hsh.no/ssh


Biblioteket

På Stord og i Haugesund er det gode og moderne bibliotek. Biblioteket hjelper tilsette og studentar med å finna aktuelle bøker, artiklar, musikk m.m. På biblioteket si heimeside ligg det viktige ressursar til bruk i studiet, pensumoversikt og studentoppgåver.

Du kan lesa meir om biblioteket sine tenester på HVL sine sider.

Skrivesenter

Skrivesenteret tilbyr hjelp med oppgåveskriving. Her kan du melde deg på ulike kurs eller møte opp til rettleiingstenesta som har faste opningstider.

Meir informasjon finn du på: www.hsh.no/skrivesenter.


Bokhandel

Les meir om ARK bokhandel på Studensamskipnadens sider.


Finn tilsette!


Du kan søkje på fornamn og etternamn i søkefeltet på HVL sine sider.


Finn studentar ved HVL!

Kva informasjon gir HVL ut om deg?
Me er særs restriktive med å gi ut informasjon om studentane våre.

Du skal kunne vere trygg på at HVL i utgangspunktet berre gir ut informasjon om deg - og din studentstatus - til deg! Ta kontakt med din studiekonsulent dersom det er noko du lurer på.

Eg treng å komme i kontakt med ein medstudent!
Student e-postadressa finn du her.

Kor finn eg telefonnummeret?
Me har ikkje lov til å gi ut studentar sine telefonnumre. Bruk telefonkatalogen. Finn du ikkje nummeret der - ta kontakt med Servicesenteret, så kan me vidareformidle meldinga di.


EVU-kontor

Etter- og vidareutdanning

HVL campus Stord og campus Haugesund tilbyr tilrettelagde studium for deg som er i arbeidslivet og ønskjer fagleg påfyll. Me har både kortare kurs utan studiepoeng (etterutdanning), og studiepoenggjevande kurs som gir formell kompetanse (vidareutdanning). Ein del av studia kombinerer fysiske samlingar med nettstøtta undervisning.

Du kan lesa meir om fagleg innhald, søknadsfristar, kriterium for opptak osv. på HVL sine sider.

Ta gjerne kontakt med oss:


Sida ble sist oppdatert: 27.03.2017