Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Studentrådgivartenesta

Thomas chiller
Studentrådgjevar Thomas Mikkelsen.

Studietid er meir enn førelesingar og eksamen, den gjev òg mykje moro og gode stunder. Men einsemd og prestasjonsangst kan også vera eit stort problem blant studentar. Studentrådgjevartenesta skal vera både rådgjevande, rettleiande og førebyggjande.

Ny livssituasjon

Studietida inneber mange forandringar. Det kan væra krevjande å etablera seg i ein ny situasjon både i og utafor studiet. Du skal finna ut av reglar, ordningar, vurdera fagval, knyta kontaktar, halda orden i eigen økonomi og mykje meir.

Sosialt nettverk

Det er viktig å byggja opp eit nytt sosialt nettverk som erstatning for det du har forlate. Du er ikkje åleine om å leita etter vennskapsforhold i studentmiljøet. Dei fleste blir glade og opplever det positivt når nokon kontaktar dei. Du kan t.d. oppsøkja og engasjera deg i HVL sitt varierte utval av studentforeiningar.

Normalt å «møta veggen»

Studentlivet kan i periodar også opplevast som overveldande og problemfylt. Nokon vil ein eller fleire gonger i løpet av studietida "møta veggen". Avmakt og tristhet kan ta overhand utan at du veit årsakene. Som oftast er problema samansette, og ein må finna gode løysingar i samarbeid med andre.

Brenn ikkje inne med det vonde

Det er viktig at vi ikkje brenn inne med dei ubehaglege og smertefulle kjenslene våre. Å kunna snakka med andre er av uvurderleg mentalhygienisk verdi. Dersom du føler at noko går deg imot, prøv
ein fortruleg samtale med eit anna menneske du har tillit til.

Viktig å prata med nokon

Det kan vera godt å ha nokon å snakka med. Oftast snakkar ein med familie og venner, men av og til kan ein ha behov for nokon som står heilt utanfor, og som har fagleg innsikt. Tek du kontakt på eit tidleg tidspunkt, kan det hindra at problema vert for store.

«Sjølvreparasjon»

Det ligg stor evne til "sjølvreparasjon" i det å setja ord på det du føler, tenkjer, meiner eller trur. Samtale hjelper òg til å sortera i det som først kan verka uoverkommeleg. Tilbakemelding og hjelp frå andre viser deg nye synsvinklar, sjansar og løysingar - og du får meir mot til å takla dei utfordringar/problem du opplever som tunge.

Kva er studentrådgivartenesta?

Tenesta er til for deg

Du treng ikkje gå rundt med problema dine åleine. Studentrådgivartenesta er eit tilbod som gjev deg høve til å snakka om personlege og private forhold i livs- og studiesituasjonen din.

Psykolog

Studentrådgivar har også moglegheit til å henvisa vidare til psykolog. Ta kontakt med studentrådgivar for meir informasjon.

Døme på problem studentar strir med:

  • Meistring av ein livssituasjon, få struktur på livet.
  • Helseproblem, langvarig sjukdom, alvorlig sjukdom/dødsfall i nær familie.
  • Psykiske forhold (kjensler, tankar, mål i livet, konsentrasjons-/søvnvanskar).
  • Sosiale forhold (uvisse, konfliktar i høve til familie, venner, medstudentar o.a.).
  • Fortviling/depresjon/sorg som følgje av stryk til eksamen/praksis o.a.
  • Samlivskriser/-brot.
  • Dysleksi/Lese- og skrivevanskar.
  • Spisevanskar/sjølvskading
  • Einsemd, vanskar med å finna seg til rette, vurderer å slutta på studiet.
  • Studie-/eksamensstress, buforhold, økonomi og karriere.

Korleis ta kontakt?

Send meg ein e-post!

Sida ble sist oppdatert: 31.03.2017