Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Eksamensnerver?

Svettende person

Har du sterk prestasjonsangst for eksamen?

Eksamensangst er noko meir enn vanleg uro/nervøsitet framfor ein eksamen.
Vanleg nervøsitet for ein eksamen kan verke vitaliserande, skjerpande, motiverande og gi ny og auka energi.
Første føresetnad for å takle dette stresset eller nervøsiteten er at du er godt fagleg budd til den eksamenen du skal gå opp til.

Eksamen handlar mykje om stressmeistring.

Studentar stryk ikkje berre fordi dei ikkje har nok kunnskap, men fordi dei ikkje får kunnskapen fram når dei må.

Desse studentane vert meir nervøse i sjølve eksamenssituasjonen enn det som er godt for dei og det dei skal prestere. Dette kan medføre at dei mister overblikket, får svært ubehaglege kroppssymptom som sveitting, skjelving, panikkjensle, hjartebank/høg puls, kvalme, hyperventilering osv. Dette kan føre til at jernteppet går ned og tilgangen til lagerhyllene for kunnskap vert blokkerte.

Det er viktig å bryte dette mønsteret, men korleis? Sjå tiltaket Eksamenskoden under.

http://www.eksamenskoden.no

Studenten lærer teknikkar han kan bruke for å vinne tilbake kontrollen. Angst handlar ofte om angst for tap av kontroll og ofte om angst for angsten. Studenten skal også øve inn ny sjølvinstruksjon gjennom mental trening. I arbeid med eksamensangst brukar ein element frå toppidrettspsykologien. "Best når det gjelder"

Studentrådgivar har gjennom åra møtt ein del studentar med dette problemet og samarbeidet med studentar har vist gode resultat.

Dersom du slit med desse vanskane kan du ta kontakt med studentrådgjevar og drøfte nye måtar å møte vanskane på.

Sida ble sist oppdatert: 30.03.2017