Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Rettar for dyslektikerar ved Høgskulen

«Dysleksi» tyder vanskar med ord:

Dysleksi er definert som ei funksjonsnedsettelse. Vanskane rammer spesielt dei skriftspråklege ferdigheitene.


Kva er dysleksi?
Å ha dysleksi tyder at ein har vanskar i høve til det skrivne ord, lesing og/eller skriving. Det inneber at ein har problem med koding av skriftspråket. Hos vanlege lesarar vert denne kodinga automatisert, medan ein dyslektiker har vanskar med automatisering og gjennkjenning av ord. Studentar og dysleksi

Høgskolen på Vestlandet ønskjer å leggje til rette for studentar med dysleksi, og har retningsliner for kva rettar studentar har ved eksamen og på studiet. Dersom du ønskjer tilrettelegging til eksamen, er det eit vilkår at du kan leggje fram attest som stadfester at du har dysleksi.

TILRETTELEGGING TIL EKSAMEN KAN VERE:

  • Nytte datamaskin under eksamen
  • Få oppgåveteksten opplest
  • Utvida tid
  • Munnleg eksamen i kombinasjon med skriftleg disposisjon
  • Søkje om eige rom

Tiltaka må ikkje medføre at kunnskapskrava vert reduserte.

Dersom du treng tilrettelagte tiltak til eksamen, er det ein føresetnad at du søkjer om dette samstundes som du melder deg opp til eksamen innafor dei søknadsfristar Høgskulen har fastsett.

TILRETTELEGGING AV STUDIET KAN VERE:

  • Hjelp til søknad om hjelpemidler
  • Ta opp førelesingar
  • Hjelp til å låne pensumlitteratur som lydbøker
  • Rådgjeving/kurs i studieteknikk

Kvar kan du få hjelp
Du kan kontakte studentrådgivar som kan hjelpe deg med bl. a:
  • Søkje om faglitteratur i lydbokformat
  • Søkje om program for lese og skrivestøtte
  • Finne fram til personar som er viktige for at du skal få den beste studiesituasjonen.

Mer informasjon: http://www.dysleksiforbundet.no, www.universell.no, http://appbibliotek.no

Korleis ta kontakt?

Send meg ein e-post: thomas.mikkelsen@hvl.no

Sida ble sist oppdatert: 30.03.2017