Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Er du student med nedsett funksjonsevne?

Rullestolbruker i HSHTreng du tilrettelegging på studiet eller til eksamen? Er du dyslektiker/har lese-, skrivevanskar, er syns- eller høyrselshemme, har vondt i ryggen, sit i rullestol, har ein alvorleg sjukdom eller anna funksjonsnedsettelse? Departementet har klare reglar for at høgskular og universitet skal tilretteleggje for slike vanskar og andre funksjonsnedsettelser.

Kanskje lurer du på om du kan studere ved Høgskolen på Vestlandet eller kanskje du allereie er student ved Høgskolen vår? Høgskolen på Vestlandet legg stor vekt på å tilretteleggje for dei studentane våre som har ei funksjonsnedsettelse. Studentrådgivar kan:

  • Gi deg informasjon om ulike muligheiter for tilrettelegging du har ved HVL under studiet og til eksamen
  • Kartleggje behova dine saman med deg
  • Hjelpe deg med søknader til lydbøker og andre hjelpemiddel gjennom NAV
  • Vere ein du kan prate med om situasjonen din

Møter du utfordringar i samband med tilgjenge i det fysiske, pedagogiske eller sosiale miljøet på grunn av nedsett funksjonsevne, kan du ta kontakt. Det er ikkje sikkert me kan løyse alle problem, men inga oppgåve er for lita eller stor. Du må sjølv ta ansvar for eigen læresituasjon.

Har du rett til ekstra stipend fra lånekassen? https://www.lanekassen.no/nb-NO/Stipend-og-lan/Hoyere-utdanning/Hvor-mye-kan-du-fa/Nye-stotteordninger-for-elever-og-studenter-med-nedsatt-funksjonsevne/

Spør studentrådgivar om det er ting du lurer på.

Studentrådgivar er til stades på kontoret:

  • På Stord tirsdag, torsdag og fredag, v/studenttorget 123
  • I Haugesund kvar mandag og onsdag, 4.høgda, 4066

Telefonnr. 53 49 13 00, mobil 40921344
Klikk her for kontakt via e-post!

Sida ble sist oppdatert: 13.01.2017