Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Servicetorget

Grunna fusjon med HiB og HiSF har studenttorget/ekspedisjonen no endra namn til Servicetorget. Me er eit av Høgskolen på Vestlandet sine 5 informasjonssentre. Tilbudet er det same som før og du er sjølvsagt alltid velkommen innom.

Hos oss får du mellom anna hjelp til:

Du finn og informasjon om:


Studentkort og fotografering

Kven skal ha studentkort?
Alle studentar ved HVL, campus Stord og campus Haugesund får studentkort. Det er gratis.

Korleis får eg studentkort?
Studentkortet blir laga ved studiestart, og du vil få melding kva tid du skal fotograferast.

Det kan ta inntil ei veke frå fotografering til utlevering av studentkort. Du får melding på Fronter når studentkortet ditt er klart og kan hentast i Servicetorget.

Er du Etter- og vidareutdanningsstudent (EVU)?
EVU-studentar vil som regel få studentkort utdelt på første samling (i timen). Du kan laste ned Studentbevis-appen dersom du ikkje har mottatt studentkortet før samlinga er ferdig. Les meir om appen nedst på sida.

Hugs legitimasjon med bilete
Du viser din legitimasjon (ID-kort) både ved fotografering og når du henter studentkortet.

Kor foregår fotograferinga?
På Stord er det ved IKT-hjelpa (2. etasje på biblioteket) og i Haugesund - 2081 (i 2. etasje).

Kva bruker eg studentkortet til?

  • Id-kort (ved eksamen m.m)
  • Ved bestillingar i Servicetorget (stadfestingar m.m.)
  • Lånekort på biblioteket
  • Nøkkelkort til HSH sine bygg (samme kode som til StudentWeb. HUGS ALARMEN!).
  • Kopi-/utskriftskort. Du skriv ut via "Follow me-systemet" og treng ingen kode. Ta kontakt med IKT-hjelp dersom du treng hjelp.

Hugs alltid å ha med deg studentkortet når du er på skulen.

Studentkortet gjev òg rabatt på offentleg transport og andre avtalar som Studentsamskipnaden har forhandla fram.

Rabatt på Stord - Rabatt i Haugesund.

Treng eg semestermerke?
Frå og med 1.1.2017 skal du ikkje lengre ha semestermerke på studentkortet ditt.

Last ned Studentbevisappen - den viser at du har betalt semesteravgifta.

Eg har skifta namn. Kva gjer eg?
Du har krav på nytt kort - gratis - ved namneendring og slitasje. Ta med det gamle studentkortet for visning og makulering. Hugs gyldig dokumentasjon ved namneendring.

Eg har mista studentkortet mitt. Kva gjer eg?
Ta kontakt med Servicetorget, som lagar ein faktura til deg (på kr. 100). Fakturaen finn du på Studentweb. Nytt studentkort blir laga og gitt ut når du viser fram kvitteringa.

Dersom kortet ditt ikkje fungerer på dører eller skrivar - ta kontakt med Servicetorget.

Studentkort-app - eit godt supplement
Last ned det digitale studentkortet og bruk i tillegg til ditt vanlege studentkort.

Du må ha fullført semesterregistreringa på StudentWeb og ha betalt semesteravgifta for nåverande semester for at appen skal vere gyldig. Merk at det kan ta inntil tre dagar frå du har betalt semesteravgifta til ho blir registrert på StudentWeb.

Nedlasting av app
Gå inn på App Store (iOs) eller Google Play (Android) og last ned appen Studentbevis. Velg Høgskolen Stord/Haugesund og logg inn med vanleg brukernamn og passord (studentnummer og vanlig passord).

Ved førstegangsbruk må appen vere kopla til internett for å kunne laste ned informasjon. Informasjonen blir lagra lokalt på telefonen og du treng ikkje vere online for å bruke appen.

Studentbevisappen vil vise informasjon om namn, studiestad og om du har betalt og semesterregistrert deg.

Appen fungerer som studentbevis m.a. hos studentsamskipnader og kollektivtransportselskap i Norge. Hvis appen ikkje viser bilde av deg, må du ta med annan gyldig legitimasjon med bilde.

HUGS! Du treng framleis det vanlege studentkortet ditt for å få tilgang til HVL, campus Stord og campus Haugesund sitt låssystem, skrivar/kopimaskin og bibliotek.


Studiefinansiering (studielån)

Kan eg få lån i Statens lånekasse og kva tid søkjer eg?
Studium ved Høgskolen Stord/Haugesund på minst 15 studiepoeng pr. semester, gjev rett til lån i Statens lånekasse.

Så snart du har fått studieplass kan du senda inn søknad om stipend og lån. Alle skal søkja på nett.

For å få pengar frå Lånekassen må du vera gyldig student. Dvs. at du kvart semester - innan fristen - godkjenner utdanningsplanen din og betaler semesteravgifta (hugs det kan ta inntil 3 dagar før betaling blir registrert hos oss).

Når du er gyldig student blir du registrert i vår database. Denne databasen hentar Lånekassen ut opplysningar frå ein gong i døgnet. Kor fort Lånekassen betaler ut avheng av deira sakshandsamingstid, men pengane blir overført direkte til din konto.

Kor ser eg kva opplysningar om meg HSH har rapportert inn til lånekassen?
StudentWeb under Innsyn kan du finna ei oversikt over kva HSH rapporterer til lånekassen.

Låneforholdet ditt er av privat karakter og spørsmål skal rettast direkte til Lånekassen.

Eg treng meir informasjon og hjelp?
Gå inn på lånekassen sine nettsider.

Eg skal ut i permisjon. Kva gjer eg?
Ved permisjon frå studiet er du sjølv ansvarleg for å senda naudsynt dokumentasjon til Lånekassen. Send kopi av svarbrevet frå HSH (der permisjon blir innvilga) til Lånekassen. Ta kontakt med studiekonsulenten din dersom du har spørsmål om permisjon.

Er det mogleg å få penger frå andre enn Lånekassen?
Du kan sjekka Legathåndboken om det finnes eit legat som passar for deg.


Semesteravgift og semestermerke

Semesteravgift og kopinoravgift
Alle som skal studera ved HVL må kvart semester betale ei studentavgift.

Oppdatert informasjon finn du på HVL sine sider For studentar

Betale frå bank i utlandet
Då må du i tillegg oppgi følgjande informasjon:

  • IBAN (NO1176940500431)
  • og SWIFT/BIC (DNBANOKK)

Lånekassen
For å få utbetalt studielån må semesteravgifta vera betalt og utdanningsplanen din godkjent. Hugs at det kan ta inntil 3 dagar før betalinga di blir registrert.


Kopiering og utskrift

Oppdatert informasjon finn du på HVL sine sider For studentar

Studentkortet mitt virker ikkje
Ta kontakt med Servicetorget eller IKT-hjelpa.


Parkering

Stord
På Stord er det svært gode parkeringstilhøve for studentar og gjester. Den nye store parkeringsplassen bak undervisningsbygget har plass til dei fleste - kjør forbi studentboligane og kunstgrasbanen så ser du han. I tillegg er det oppmerka parkeringsplassar ved alleen og ved hovudinngangen.

Parkeringskort treng du kun viss du har elbil (Ladeløyve).

Parker innanfor dei oppmerka felta. Er det ikkje oppmerka på din parkeringsplass: Stopp - Sjå deg rundt - Tenk! Ingen likar å bli parkert inne!

Er det handikapplass og parkering for elbil på HSH, Stord?
Ved hovudinngangen er det to handikapplassar og åtte plassar for elbil.

På den nye store parkeringsplassen bak undervisningsbygget er det 20 hurtigladestasjonar for elbil (kor 10 bilar kan lade samstundes). Merk at desse ladestasjonane krev ein spesiell type ledning.

Hugs at Ladeløyve må ligge i frontruta når du lader på HSH. Ladeløyve får du i Studenttorget/ekspedisjonen.

Haugesund
I Haugesund er det parkeringsplassar rundt høgskulebygget og handikapplassar ved hovudinngongen. 5 elbilplassar for tilsette og ein plass for studentar.

HSH og Haugesund kommune har ein avtale om studentprisar på parkering. Månadskort for studentar koster kr 250,-, og kan kjøpast i Servicesenteret. Det er stilt nokre vilkår for studentrabatten, sjå her.

Er det handikapplass og parkering for elbil på HSH, Haugesund?
Det er sett av to handikapplassar bak høgskulebygget og plassar for elbil.

HSH er Miljøfyrtårn og ønskjer å leggja til rette for elbilar. Hugs at parkeringsplassar merka med elbil er ladestasjonar for dei som treng å lade, og ikkje parkeringsplassar for dei som ikkje treng å lade.

På HVL sine sider finn du informasjon om korleis du kjem deg til campus Stord og campus Haugesund


Vitnemål, autorisasjon og karakterutskrift

Karakterutskrift

Oppdatert informasjon finn du på HVL sine sider For studentar

Dersom du ikkje lengre har tilgang til Studentweb, logger du på med MinID eller tek kontakt med Servicetorget.


Vitnemål

Oppdatert informasjon finn du på HVL sine sider For studentar

Alle som har fullført og bestått si utdanning på ordinær tid skal få tilsendt vitnemål innan 1. juli. Hugs å oppdatere heimstadadressa di i StudentWeb.

Studentar som har brukt lengre tid enn normert, studentar som har ein kombinasjon av eksterne og interne emne, og studentar som har hatt utvekslingsopphald, må sjekke utdanningsplanen sin på StudentWeb i god tid for å sikra at den er fullstendig.

Er noko uklårt, ta kontakt med studiekonsulenten. For å kvalitetssikra utskrivinga av vitnemål, bør desse studentane tinga vitnemål på skjemaet nedanfor.

Spørsmål om vitnemål kan rettast til:

Vitnemålstillegg (diploma supplement)

Alle nyutdanna frå Høgskolen Stord/Haugesund får, automatisk og utan kostnad, vitnemål, engelsk karakterutskrift og vitnemålstillegg (diploma supplement). Vitnemålstillegget er på engelsk og er berre gyldig saman med sjølve vitnemålet.

Vitnemålstillegget gir informasjon om studiet og graden, til bruk i internasjonal kontekst.

For meir informasjon om historia, målet og innføring av vitnemålstillegget i Noreg, sjå www.nokut.no

Sjå eit døme på Diploma Supplement og engelsk karakterutskrift.


Autorisasjon Sjukepleie

Oppdatert informasjon finn du på HVL sine sider For studentar

Høgskolen sender lister til SAFH for forenkla søknadsprosedyre for alle studentar som meldt opp til eksamen og som ein reknar med vil få tilsendt vitnemål etter ordinært studieforløp.

Dei studentane som tar eksamen resten av året må søkja om autorisasjon individuelt, og senda inn søknadsskjema med attesterte kopiar av vitnemål og personbevis.

Ver merksam på at sakshandsaminga kan ta tid.

Søknad vedlagt nødvendig dokumentasjon skal sendast: Statens autorisasjonskontor for helsepersonell, Postboks 8053 Dep, 0031 OSLO

Søknadskjema og meir informasjon finn du her Statens autorisasjonskontor for helsepersonell

VITNEMÅL BLIR KUN UTSKRIVE EIN GONG;
HUGS Å TA GODT VARE PÅ ORIGINALVITNEMÅLET DITT


Studiested:
I hvilket studium:
Fødselsnummer (11 siffer):
Fullt navn:
E-postadressa di :
Målform:
Hvilken grad har du oppnådd:


Viktige datoar og akademisk kalender

Oppdatert informasjon finn du på HVL sine nettsider For studentar



Nøkkelkort (studentkort).

Opningstider
Opningstidene finn du her.

Korleis kjem eg inn etter stengetid?
Dørene til bygningane våre er utstyrte med kortlesarar. Studentkortet du får ved studiestart blir ditt nøkkelkort. Etter stengetid bruker du studentkortet ditt (med pinkode) for å koma inn i bygningane.

Pinkoden er den same som til Studentweb, så dersom du endrer studentwebkoden din, vil óg nøkkelkoden din bli endra!

Tips! Kortlesaren er sensitiv - hold kortet i den andre handa når du taster pinkoden. Har du spørsmål - eller problem med kortet - ta kontakt med Servicetorget.

Eg har ikkje fått tilgang til dei romma eg skal ha.
Ekstratilgongar blir lagt inn manuelt - etter bestilling frå faglærar. Be faglærar ta kontakt med Servicetorget.

NB! For å få tilgang til treningsrommet på kampus Stord må du først betale treningsavgifta. Les meir her

Eg er ferdig med studiet mitt. Kva gjer eg med studentkortet (nøkkelkortet)?
Låsfunksjonen i studentkortet ditt vil bli deaktivert etter endt studium, så du treng ikkje levere det inn.

Eg har vore student ved høgskulen tidlegare og har studentkort. Skal eg ha nytt kort?
Nei. Ta kontakt med Servicetorget så aktiverer me det gamle studentkortet på ny.

Her kan du lesa meir om studentkortet.

Nøkkelkort for tilsette
Tilsette bruker ID-kort eller nøkkeltag med pinkode for å komme inn etter stengetid.


Bok-/garderobeskap

Stord:
Som student kan du låna bok-eller garderobeskap. Bok- og garderobeskapa i 2. etasje i sjukepleiaravdelinga er reservert sjukepleiarstudentane.

Bokskapa i 1. etasje er tilgjengeleg for alle.

Korleis får eg skap?
Kjøp deg ein hengelås og finn deg eit ledig bokskap i 1. etasje.

  • Er du sjukepleiarstudent - ta kontakt med din kullkoordinator.

Kan eg behalde skapet heile studietida mi?
Nei, du må tømme skapet ditt og fjerne hengelåsen din etter semesterslutt i juni. Om sommaren vert skapa gjort klare til ny studiestart og nye studentar. Er det skap til overs etter studiestart - er det 'Første mann til mølla'.

Eg er ferdig med studiet mitt på Stord. Kva gjer eg med skapet?
Når studiet er avslutta tømmer du skapet og fjerner hengelåsen.

Haugesund:
I Haugesund er det ikkje bokskap. Garderobeskapa er reservert sjukepleiarstudentane og du finn dei i underetasjen.

Hengelås kjøper du sjølv og deretter finn du deg eit ledig garderobeskap.

Eg er ferdig med studiet mitt i Haugesund. Kva gjer eg med skapet?
Når studiet er avslutta tømmer du skapet og fjerner hengelåsen.


Utdanningsplan og semesteregistrering

Kva er ein utdanningsplan?
Alle studentar som blir tatt opp til studier skal inngå utdanningsplan med HSH.

Utdanningsplanen definerer rettane og pliktene dine som student.

Jfr. Universitet- og høgskoleloven § 4-2 skal utdanningsplanen innehalda bestemmelser om institusjonen sitt ansvar og plikter ovanfor studenten, og studenten sine plikter ovanfor institusjonen og medstudentar. Den skal også sikra at du som student kan gjennomføra studiet ditt på normert tid, enten som heil- eller deltidsstudent.

Kor finn eg utdanningsplanen min?
Utdanningsplanen din finn du på Studentportalen på StudentWeb. Planen er nettbasert, og du møter din eigen utdanningsplan når du skal registrera deg som student på StudentWeb. Du vil då bli bedt om å stadfesta den foreslåtte planen, eller foreta val der det er mogleg av kva emner du skal ta i det komande semesteret.

Korleis logger eg meg på min StudentWeb?
Du logger deg på med ditt fødsels- og personnummer (11 siffer) og den 4-siffra koden du får i velkomstbrevet.

Kor ofte skal eg godkjenna utdanningsplanen min?
Alle studentar skal godkjenna utdanningsplanen sin i programmet StudentWeb. - kvart semester.

Korleis melder eg meg opp til undervisning og eksamen/vurdering?
Når du som student godkjenner utdanningsplanen din, vil du samtidig bli vurderingsmeldt og undervisningsmeldt i obligatoriske emner.

Valemner legg du sjølv i planen som du finn under "knappen" Nytt emne.

Kor kan eg sjå at eg har gjort det rett?
Når du godkjenner planen er det viktig at du fullfører. Dersom du har gjort det rett skal det stå "Plan bekreftet" på startsida til StudentWeb. Dersom det står ei melding på startsida - er det noko som du har gløymt og som du må gjera før fristen går ut. Då velgjer du blyanten i Utdanningsplan, del 2. Opprett og lagre.

Deretter sjekker du kva eksamenar du er meldt opp til på StudentWeb under Innsyn - Vurderingsmelding.

Dersom det er noko som er feil tar du kontakt med din studiekonsulent snarast.

Hugs at det er ditt ansvar å passa på at du er meldt opp til dei eksamenane du skal ta det aktuelle semesteret.


Kva er fristen for oppmelding til eksamen/vurdering?

  • innan 1. februar (for eksamen i vårsemester) og
  • innan 1. september (for eksamen i haustsemester)

Ein fin rettleiiar til å godkjenne utdanningsplanen kan du lasta ned her

Kan eg melda med opp til kontinuasjonseksamen på StudentWeb?
Nei. Det gjer du på eit eige skjema som du finn under Studiekvardagen - Last ned skjema. Skjemaet leverer du til Servicetorget.

Kva er fristen for oppmelding til kontinuasjonseksamen?

  • innan 1. februar (for eksamen i vårsemester) og
  • innan 1. juli (for eksamen i haustsemester - august)
Kva vil det seie å semesterregistrere seg?
Det vil seie at du:
  • godkjenner utdanningsplanen din
  • og betaler studentavgifta.

Du må semesterregistrere deg kvart semester - innan fristen - for å vere gyldig student og behalde studieretten din.


Namneendring

Eg har endra namn - kva gjer eg?

Namnet ditt skal til ei kvar tid vere oppdatert i studentregistra våre og det er ditt ansvar å gi skulen melding når du endrer namn.

Det er inga automatisk kobling mellom folkeregisteret sitt system og vårt. Høgskulen kan ikkje endre namnet ditt i våre system utan gyldig dokumentasjon.

Gyldig dokumentasjon på namneendringa skal difor sendast oss eller leverast i Servicetorget snarast råd etter endringa.

Kva blir rekna som gyldig dokumentasjon?

  • Dokumentasjon frå folkeregisteret
  • Gyldig kopi av vigselattest der det er aktuelt
  • Gyldig kopi av pass (ev. vis fram sjølve passet)
  • eller papirkvittering på namneendring frå Altinn

Dokumentasjonen skal inneholde fullt namn, samt fødselsnummer (11 siffer).

Treng eg nytt studentkort når eg har endra namn?
Ja. Ta kontakt med Servicetorget så får du eit nytt studentkort gratis. Det gamle studentkortet leverer du inn - til makulering - før du får utlevert det nye.

Kva namn vil stå på vitnemålet mitt?
Vitnemål blir berre utstedt ein gong og vil alltid bli utskrive i det namnet studenten står registrert med hos HSH når vitnemålet blir laga. Ta difor kontakt med høgskulen i god tid før vitnemålsutskriving, dersom du har endra namn.


Sida ble sist oppdatert: 22.08.2017