Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Logo for pedagogstudentene

Pedagogstudentane er ein interesseorganisasjon for alle pedagogiske utdanningar i Noreg. Me er organisasjonen for deg som studerer på grunnskulelærar-, yrkesfaglærar-, barnehagelærar-, praktisk-pedagogisk-, faglærar-, og lektorutdanning, samt de som studerer på universitet og høgskular med intensjon om å arbeide i skulesystemet.

Utdanningsforbundet er vår moderorganisasjon, og tilbyr mange fordelar til studentmedlemane, til dømes rimeleg studentforsikring. Pedagogstudentane har mange hundre aktive studentar fordelt på lokallag på mange ulike utdanningsinstutisjonar. I det sentrale sekretariatet arbeider leiar, nestleiar og to tilsette fulltid for å ivareta medlemane sine interesser.

Jenter i superhelt-t-skjorter

Me arbeidar for:

  • at di utdanning skal ha høg kvalitet
  • at du som student skal vere med å bestemme over di eiga utdanning.
  • at dine rettar som student vert ivareteke.
  • at våre utdanningar skal vere krevjande og motiverande.
  • at våre utdanningar er praksisnære og profesjonsretta.
  • at våre utdanningar skal ha ein tydeleg samanheng mellom teori og praksis.

Her på Stord tek vi i styret imot sakar og innspel som gjeld utdanninga di som pedagogstudent.

Superhelt-oppstilling

Me har møter for å diskutere sakar som medlemene våre kjem til oss med, og hjelper studentane med å finne moglege løysingar på utfordringar dei har.

Har du lyst til å engasjere deg, kanskje bli med i styret? Me tilbyr fellesskap, livlege diskusjonar, innsikt i aktuelle sakar, kul hettegenser og moglegheit til å få reise på landsdekkjande møter for å treffe andre pedagogstudentar.

Sida ble sist oppdatert: 22.04.2015