HSH-logo med 20-årsjubileumsemblem

Søk etter emner 2014/2015

Søk etter emne:

Emne:

MERK: Emnebeskrivelsene skal på sikt ligga føre på bokmål, nynorsk og engelsk. Arbeidet med dette er i gong, men inntil vidare bed vi deg sjekka alle språkalternativa ovanføre for informasjon.

Pedagogikk B 1. år

Korte fakta:

Emnekode: PED-108 (1) Avdeling: ALK Studiestad: Stord Studieområde: Lærar Tal på studiepoeng: 8 Undervisningssemester: Vår Tal på semester: 1 Vurderingssemester: Vår Undervisning 1. gong: Våren 2009

Mål:

  • Studentane skal førebuast til et yrke som er prega av kompleksitet, menneskeleg nærleik, mangfald og endringar.
  • Studentane skal opparbeide den kunnskap og erfaring som er naudsynt for kritisk å analysera førskolelærarane sitt pedagogiske arbeid i lys av relevante styringsdokument, forventningar frå foreldre/føresette og ulike teoriar og rammefaktorar.
  • Studentane skal bli fortrulege med dei ulike ansvarsområda innan yrkesfeltet
  • Studentane skal skaffe seg kunnskap om og erfaring med leiing av pedagogisk arbeid i barnehagen.
  • Studentane skal alltid la barn under skolepliktig alder vere sentrum, altså vere den faglege aksen i arbeidet med faget.
Studentane skal særleg rette merksemda mot dei yngste barna i barnehagen, men også mot overgangen mellom barnehage og skole.

Innhald: Pedagogikk er et mangesidig fag og omfattar delområde som idéhistorie, didaktikk, filosofi, psykologi og sosiologi.

Faget er et danningsfag og skal bidra til studentane sin personlige vekst, utvikling og etiske refleksjon.

Faglege emne:

Val og prioritering av ulike tema og delområde vil gå føre seg i eit samarbeid mellom studentar, praksislærarar og faglærarar. Ulike tema skal gi eit grunnlag for utvikling av studenten sine evner innan dei ulike kompetanseområda gjennom ein progresjon over 3 år.

Fagleg kompetanse:

  • Begynnande forståing for pedagogikkfaget, ulike pedagogiske retningar og barnehagen si historie.
  • Begynnande innsikt i barnehagen som samfunnsinstitusjon og kulturinstitusjon
  • Begynnande innsikt i og forståing for psykologiske og pedagogiske forhold som gjeld små barn enkeltvis og i grupper.
  • Begynnande innsikt og forståing for små barns utvikling og læring i leik og sosialt samspel.
  • Begynnande innsikt i og forståing for relasjonar mellom barn og relasjonar mellom barn og vaksne.
Didaktisk kompetanse:
  • Begynnande evne til å kartlegge, planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere pedagogisk arbeid basert på berande prinsipp i rammeplanen for barnehagen.
  • Begynnande evne til å planlegge, reflektere over og grunngi eiget og andre sitt pedagogiske arbeid i lys av forsking og teori om barns væremåte, med vekt på leik, omsorg og læring i ein sosial kontekst
  • Ha begynnande kjennskap til ulike didaktiske verktøy for å kunne planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere verksemda i barnehagen
  • Begynnande evne til ein observerande væremåte som grunnlag for refleksjon
Sosial kompetanse:
  • Ha eit begynnande fagleg og personleg fundament som gjer studenten i stand til å forstå si eiga rolle i eit arbeidsfellesskap kjenneteikna av forpliktande relasjonar.
Endrings- og utviklingskompetanse:
  • Begynnande forståing for korleis ein kan utvikle barnehagen til eit kvalitativt godt tilbod for alle barn og foreldre/føresette.
Yrkesetisk kompetanse:
  • Begynnande refleksjon over eigen framtidig leiarrolle og korleis eigne handlingar kan påverke barnas utvikling, livskvalitet og trivsel.
Sentrale fokusområder:

- Barns utvikling og læring

- Barns meistring og sjølvbilete

- Barn og data

- Samarbeid barnehage og skole

Arbeidsformer: Studentane har ansvar for å skaffe seg kompetanse innan alle målområde sjølv om alt ikke blir dekka i undervisninga. Problembasert læring og studentaktive undervisningsformer blir nytta i fagleg og tverrfagleg samanheng.

I undervisninga blir det lagt vekt på ein god læringsdialog gjennom variert bruk av storgruppe, klasse og basisgrupper. Fagleg rettleiing og personlig oppfølging føregår også individuelt og i mindre grupper. Organisering av ulike fora med studentar, faglærarar og praksislærarar skal nyttast for å tydeliggjøre samanheng og utvikle dei ulike læringsarenaene.

Forteljingar, erfaringar og problemstillingar frå praksisfeltet er grunnleggande utgangspunkt for fagstudiet i pedagogikk. Gjennom ulike arbeidsformer skal studenten utvikle sin erfaringsbaserte- og teoribaserte kunnskap og verdibaserte/etiske refleksjon innan dei ulike kompetanseområda. Arbeidsformene skal gi studenten høve til å øve opp og utvikle evne til å være aktivt kunnskapssøkande og kritisk granskande til ulike kjelder.

Gjennom studiet øvast studenten si evne til positiv kritisk tenking og refleksjon i høve barnehagens mål og innhald og sjølve yrkesprofesjonen. Undervisninga skal gi øving i munnleg-, skriftleg-, visuell framstilling og IKT.

Praktisk informasjon om emnet: -.

Krav til forkunnskapar: Ingen

Byggjer på: Pedagogikk 1A

Studiekrav: - 80 % deltakelse i fellesundervisninga.

- Obligatoriske oppgåver

- Bestått alle praksisperiodar

Vurdering:

DelDelnamnVarighetVektHjelpemiddel
1Heimmeeksamen80/100
2Nettstad frå kulturstiarbeid 20/100
Alle eksamensdelar må vere bestått

Ope for studentar med studierett på:

Bachelor - førskolelærarutdanning

Studiepoengreduksjon:

Har du allerede teke eitt eller fleire av emna nedanfor? Då vil utteljinga for det emnet som blir beskrive her, PED-108, bli redusert med det antalet studiepoeng som står i kolonna til høgre. Det blir teke atterhald om eventuelle manglar/feil i oversikta.
EmneKodeVersjonStudiepoeng
Pedagogikk 1. årFSK-02318

Kontaktperson: (Ta kontakt med studieleder!)

Pensum: Sjå pensumseksjonen i biblioteket sine nettsider!

Ved uforutsette hendingar tek høgskolen atterhald om rett til å gjera endringer.

Alle emner for 2008:

TIPS: Tast Ctrl+F for å søke lokalt i sida! (Mac: Cmd-tast+F)

A

B

D

E

F

G

H

I

K

L

M

N

O

P

R

S

T

U

V

W

Y

Ø

Emne-info er fra: 11/27/2014 11:37:37 AM

Sida ble sist oppdatert: 05.09.2014