HSH-logo med 20-årsjubileumsemblem

Søk etter emner 2014/2015

Søk etter emne:

Emne:

MERK: Emnebeskrivelsene skal på sikt ligga føre på bokmål, nynorsk og engelsk. Arbeidet med dette er i gong, men inntil vidare bed vi deg sjekka alle språkalternativa ovanføre for informasjon.

Bacheloroppgåve, estetikk og vitskapsteori

Korte fakta:

Emnekode: FM-BACH (1) Avdeling: ALK Studiestad: Stord Studieområde: Lærar Tal på studiepoeng: 20 Undervisningsspråk: Norsk Undervisningssemester: Haust Tal på semester: 1 Vurderingssemester: Haust Trinn: 3. år Undervisning 1. gong: Hausten 2010

Innhald: Faget i utdanninga:

Som utdanna faglærar i musikk blir det forventa at ein skal kunne sjå musikk som eit vitskapeleg fag og kunne delta i vidareutvikling av musikkfaget gjennom forskning- og utviklingsarbeid. Emnet skal førebu studentane på denne delen av yrkeslivet.

Presentasjon av emnet:

Målet for emnet er at studentane skal tileigna seg ei heilskapleg innsikt i estetikk, vitskapsteori, forskingsmetodikk og grunnlagstenking som er særlig relevant for musikkfaget. Dette skal gjere studentane i stand til å utarbeide si bacheloroppgåve, enten som eige FoU-arbeid, som utvikling av eige læremiddel eller som sjølvstendig kunstnarisk utviklingsarbeid.

Faglig innhald

Estetikk, vitskapsteori, forskingsmetodikk og grunnlagstenking

Bacheloroppgåve

Konkretisering av tema:

Emnet inneheld ei obligatorisk innføring i estetikk, vitskapsteori, vitskapleg metode, arbeid med læremiddelutvikling, Fou-arbeid og kunstnarisk utviklingsarbeid. Bacheloroppgåva er ein viktig del av arbeidet på dette emnet. Arbeidet skal vera festa i forsking/utvikling og/eller kunstnarisk utviklingsarbeid, og i arbeidet må det gjerast greie for val av vitskapleg /kunstnarisk metode. Bacheloroppgåva kan også vera utarbeiding av eit læremiddel. Læremiddelet kan vera ulike opplegg/materiell som kan brukast i musikkopplæringa (skriftleg, audio, video, digitalt). Bacheloroppgåva skal presenterast for andre som del av undervising og formidling.

Læringsutbytte:
Studenten:

kunnskapar:

  • har kunnskap om estetikk, vitskapsteori, forskingsmetodikk og grunnlagstenking.
  • har kunnskap om ulike lærings- og formidlingsstrategiar i musikk.
ferdigheitar:
  • kan analysera korleis eigne og andre sine lærings- og formidlingsprosessar er knyta til kulturelle kontekstar.
  • kan reflektera over eigne og andre sine lærings- og formidlingsstrategiar.
  • kan visa denne kunnskapen gjennom utarbeiding av ei større bacheloroppgåve.
generell kompetanse:

  • skal gjennom forsøks- og utviklingsarbeid ha utvikla kunnskap, ferdigheit og innsikt i korleis ulike analysemetodar kan brukast for å studere både eigen og skulen sin praksis og behov for pedagogiske utviklingstiltak.

Arbeidsformer: Arbeidsformene i emnet vil veksle mellom førelesing, seminar, gruppearbeid og individuelt arbeid.

Praktisk informasjon om emnet: -.

Krav til forkunnskapar: Ingen.

Byggjer på: Studentane bør ha kunnskapar i musikkfagleg og musikkpedagogisk teori og dei bør ha erfaring frå musikalsk og pedagogisk praksis.

Studiekrav: Gjennomføring av pålagte obligatoriske oppgåver, både skriftleg og munnleg innan gitte fristar, er ein føresetnad for å få ta eksamen.

Musikkseksjonen praktiserar obligatorisk frammøte i fleire disiplinar og i samband med studiekrav. Nærare presisering kjem i semesterplanen for studiet.

80 % obligatorisk deltaking i undervisninga.

Vurdering:

DelDelnamnVarighetVektHjelpemiddel
1Bacheloroppgåve, mappe60/100
2Muntlig30 Minutter40/100

Ope for studentar med studierett på:

Bachelor, 3-årig faglærarutdanning i musikk

Studiepoengreduksjon: -

Kontaktperson: (Ta kontakt med studieleder!)

Pensum: Sjå pensumseksjonen i biblioteket sine nettsider!

Ved uforutsette hendingar tek høgskolen atterhald om rett til å gjera endringer.

Alle emner for 2010:

TIPS: Tast Ctrl+F for å søke lokalt i sida! (Mac: Cmd-tast+F)

*

A

B

C

D

E

F

G

H

I

K

L

M

N

O

P

R

S

T

U

V

Y

Ø

Emne-info er fra: 11/27/2014 11:37:37 AM

Sida ble sist oppdatert: 05.09.2014