Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Historisk arkiv

Studiehåndbokas program for 2016/2017:

(Bokmål)Bachelor - 3-årig faglærerutdanning i musikk

Korte fakta:

Studieprogramkode: FAG-MUSIKK
Avdeling: Avdeling for lærerutdanning og kulturfag
Studieområde: Studieområde lærer
Undervisningssted: Rommetveit (Stord)
Studiepoeng: 180
Grad: Bachelor - 3-årig faglærerutdanning i musikk
Varighet: 6 Semestre
Pensum: www.hsh.no/pensum

Programmets innhold:

Faglærarutdanninga i musikk er ei profesjonsutdanning som kvalifiserer for arbeid i grunnskule, vidaregåande skule og kulturskule. Utdanninga ved HSH høver også godt for arbeid innanfor det friviljuge musikklivet, i kor, korps, band, ensembleverksemd (som arrangør, komponist, dirigent), folkehøgskular, privat musikkopplæring, musikkorganisasjonar og i musikkprosjekt av ulike slag.

På faglærarutdanninga i musikk ved HSH legg ein vekt på at studentane får utvikle seg som musikkutøvarar samtidig som dei opparbeider evna til å resonnere over eigen og andre sin praksis. Utdanninga er sett saman av utøvande fag, som til dømes hovudinstrument og samspel, samt støttefag som blant anna musikkteori og musikkhistorie. I tillegg kjem profesjonsfaget, som dekkjer ein tredjedel av studiet. Studentane vil i løpet av studiet få ein allsidig kompetanse som skal gjera dei i stand til å fungere som musikkpedagogar og musikkutøvarar på ulike arenaer.

Gjennom alle tre åra vil profesjonsfaget i faglærarutdanninga gjera studentane kjende med læraryrket. Faget skal ta vare på og fornye innhaldet i pedagogikkfaget og fagdidaktikk, og trekke linjer mellom desse fagdisiplinane og praksis. Dette inneberer også eit fokus på sosial- og yrkesetisk kompetanse, samt endrings- og utviklingskompetanse. Dei meir konkrete metodiske aktivitetane knytt til undervisning er fordelt innanfor dei musikkfaglege disiplinane, som til dømes musikkhistorie, ensemblekunnskap, komponering/arrangering og hovudinstrument. Saman med praksis og undervisninga i dei musikkfaglege disiplinane vil profesjonsfaget sette studentane i stand til å fungera som musikklærarar på ulike opplæringsarenaer. Høgskolen Stord/Haugesund vil tilby faglærarstudentane i musikk praksis på relevante og varierte arenaer; hovudsakleg i skuleverket, men også i det frivillige kulturlivet.

Det første året på faglærarutdanninga ved HSH har ein brei profil, der studentane får innføring i mange ulike fagdisiplinar, som hovudinstrument, biinstrument, samspel, kor, profesjonskunnskap, musikkteori, høyrelære, komponering, arrangering, musikkhistorie og ensembleleiing. Eit hovudpoeng med studieåret er at studentane skal danne seg ein vid og solid basis i ulike fag, som dei kan byggje vidare på seinare i utdanninga. Praksisarenaen første året er barne- og ungdomsskule.

I andre klasse blir det i stor grad fokusert på musikkformidling. I deler av haustsemesteret lagar studentane ein tverrfagleg musikkscenisk produksjon der dei samarbeider med studentar frå andre fag og utdanningar ved HSH. I vårsemesteret har andreklassen fokus på ensemblekunnskap. Som ein del av studiet skal dei etablere eit fast ensemble saman med medstudentar eller musikarar utanfrå HSH. Sentralt i denne delen av studiet står konsertarrangering og ensemblespel. Praksisarenaen andre året er kulturskule og ensembleverksemd.

I det tredje studieåret skal studentane skrive ei bacheloroppgåve der dei får sjå faglærarprofesjonen gjennom eit forskarblikk. Tredjeåret vil også ha undervisning i arrangering og komponering, hovudinstrument og profesjonskunnskap. Tredjeklassepraksisen kan gå føre seg på ulike arenaer som vidaregåande skule, folkehøgskule og som prosjektpraksis av ulikt slag.

Det er viktig at studentane opplever utdanninga som heilskapleg i den forstand at det blir trekt linjer mellom praksis, profesjonsfaget og dei musikkfaglege disiplinane. Dette blir tatt vare på ved at ein rettar delar av innhaldet i profesjonsfaget og musikkfaga opp mot praksisarenaene for kvart år. Til dømes vil delar av aktivitetane i arrangering- og komponeringsfaget vera retta inn mot grunnskulen i det første studieåret.

Studieprogram for Faglærarutdanning i musikk ved Høgskolen Stord/Haugesund byggjer på Rammeplan for Faglærarutdanning i praktisk-estetiske fag, fastsett 18. mars 2013 av Kunnskapsdepartementet. Rammeplanen er felles for all norsk faglærarutdanning i musikk og gir utdanningane eit felles mål og grunnlag. Studentane må gjere seg kjende med det faglege grunnlaget for utdanninga ved å lese Rammeplan for Faglærarutdanning i praktisk-estetiske fag.

Studieprogramplanen ved HSH er eit forpliktande dokument mellom høgskulen og studenten. Planen er ei konkretisering av rammeplanen og gir informasjon om studiet generelt, om innhald og arbeidsmåtar i praksisopplæringa, om enkeltfag og fagområde og tverrfaglege emne. For kvart studieår vert det i tillegg utarbeidd årsplanar som synleggjer det faglege og pedagogiske innhaldet, ulike emne og prosjekt og praksis. Årsplanen vert utarbeidd i samarbeid mellom faglærarar, øvingslærarar og studentar.

Læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

har grunnleggande pedagogiske kunnskapar, fagleg kunnskap i eige fagområde og inngåande fagdidaktiske kunnskapar i faga som inngår i utdanninga

har kunnskap om utviklinga av skulen som organisasjon og faga som skole-, kultur-, og forskingsfag

har kunnskap om lovgrunnlag, inkludert skulen sitt formål, verdigrunnlag, læreplanar og rettar og plikter for elevane og skulen

har brei kunnskap om klasse- og gruppeleiing, læringsmiljø og utvikling av gode relasjonar til og mellom elever

har brei kunnskap om arbeidsmetodar, læringsstrategiar, læringsressursar og ulike læringsarenaer og om samanhengen mellom mål, innhald, arbeidsmåtar, rammevilkår og vurdering

har kunnskap om barn og unge sitt oppvekstmiljø og barne- og ungdomskultur, livsløpsutvikling og identitetsarbeid

har kunnskap om barn og unge i vanskelige situasjonar og deira rettar i et nasjonalt og internasjonalt perspektiv

kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid og kunstnarleg utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen og dei praktiske og estetiske faga, og kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet. 

Ferdigheiter

Studenten

kan, med utgangspunkt i styringsdokument og forskings- og erfaringsbasert kunnskap, planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning, aleine og i samarbeid med andre

kan identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande ferdigheiter

kan bruke ulike uttrykk, former og teknikkar i utøvande og skapande aktivitetar, reflektere over egen faglige utøving og justere denne under rettleiing

kan legge til rette for utfalding, oppleving og erkjenning samt rettleie og samarbeide med kollegaer for å styrke dei praktiske og estetiske dimensjonane i alle fag og i skulen som heilskap

kan motivere og rettleie elevane, og tilpasse opplæringa til elevane sine evner og anlegg, interesser og sosiale og kulturelle bakgrunn

kan vurdere elevar si læring og utvikling i forhold til opplæringa sine mål, gi læringsfremmende tilbakemeldingar og bidra til at elever kan vurdere eiga læring

kan finne, vurdere, bruke og vise til relevant forskings- og utviklingsarbeid, kunstnarleg utviklingsarbeid og anna aktuelt fagstoff, og framstille dette slik at det belyser en problemstilling. 

Generell kompetanse

Kandidaten

har innsikt i relevante fag- og profesjonsetiske problemstillingar, og kan bidra i et profesjonelt fellesskap og til utvikling av skulen

kan beherske norsk munnleg og skriftleg og kan bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssamanheng

kan inspirere til og legge til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og for at lokalt arbeids, samfunns- og kulturliv blir involvert i opplæringa

kan bidra til et godt samarbeid mellom skule og heim og saman med føresette og faglige instansar identifisere behov hos elevane og sette i verk nødvendige tiltak

kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftlig, delta i faglige diskusjonar innanfor fagområdet og dele sine kunnskapar og erfaringar med andre.

Undervisningsopplegg:

Ein del av faga og enkelte emne og temaområde har krav til 80 % obligatorisk deltaking for å få gå opp til eksamen. Dette inkluderer også prosjekter, ekskursjonar, kor, rettleiing og liknande. Ei oversikt over obligatoriske aktivitetar vil framkomme av semesterplanane for kvart studieår.

 Den obligatoriske delen av utdanninga består av profesjonsfag (60 studiepoeng) og musikkfaglege disipliner (120 studiepoeng). I tillegg kjem praksis med eit omfang tilsvarande 70 dagar.  

Vurderingsordninger:

Vurderingsformene i lærerutdanningen ved HSH blir lagt opp slik at studentene får vurdering i fag og praksis, underveis og til slutt i de ulike emnene. Studentene skal oppleve varierte vurderingsformer tilpasset det forventede læringsutbytte og arbeidsformer i studiet

Med heimel i Lov om universiteter og høyskoler av 1. april 2005 fastsette Kunnskapsdepartementet Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning 30. juni 2006. Lærarutdanningsinstitusjonen har ansvar for å vurdere om lærarstudentane er skikka for læraryrket. Dette er ei heilskapleg vurdering av studenten som omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader. Vurderinga vil gå føre seg gjennom heile studiet. Praksislærarar og faglærarar har alle ansvar for så tidleg som råd i studiet å melde eventuell tvil om studenten er skikka. Studentar og andre tilsette kan òg levere tvilsmeldingar. Slike tvilsmeldingar skal gå via institusjonsansvarleg ved HSH. Studentane vil tidleg i studiet få nærare informasjon om skikkethetsvurdering.

Internasjonalisering:

Musikkseksjonen ved HSH har eit stort internasjonalt nettverk og kontakt med utdanningsinsitusjonar i mange land, blant anna Irland, Belgia og Hellas. Det blir lagt til rette for studieopphald i utlandet i siste del av studiet. Seksjonen er også tilknytta to EU-finansierte Intesive Study Programme, noko som kjem utvalgte studentgrupper på faglærarutdanninga i musikk til gode i form av deltaking på samlingar der studentar og lærarar frå ulike europeiske utdanningsinstitusjonar møtes.

Opptaksinformasjon:

Faglærarutdanninga i musikk ved HSH har to søknadsfristar, der ein anten søkjer lokalt til HSH seinast 1. mars eller via Samordna opptak innan 15. april. Søknadsfristen til Samordna opptak for dei som er ønskjer tidleg opptak / ønskjer spesiell vurdering / har utanlandsk utdanningsbakgrunn / har Rudolf Steinerskole / har IB / søkjer på grunnlag av realkompetanse er i tillegg til vanleg 1. mars.

Opptakskrav er generell studiekompetanse eller realkompetanse. Ein praktisk og teoretisk opptaksprøve er ein del av opptaksgrunnlaget. Studiet vil høva godt for søkjarar med bakgrunn frå musikklinje ved vidaregåande skule, folkehøgskule med musikk eller anna relevant musikkbakgrunn. Søkjarar blir rangert på grunnlag av skulepoeng/tilleggspoeng og oppnådde poeng på opptaksprøve. Studentar som har relevante studium innan musikk, dans eller drama kan søkja om innpassing av desse i utdanninga.

Opptakskrav:

Yrkesveier:

Musikklærer i grunn - og videregående skole og kulturskole

Studieplan (studiemodell)

Emner for årskull 2016
Fra semester Tittel og kode Ant.
semester
Studie-
poeng
1 Anvendt musikk FM1-AVM1-10 1 10
2 Anvendt musikk 2 FM1-AVM2-10 1 10
1 Musikerskap 1 FM1-MUS1-10 1 10
2 Musikerskap 2 FM1-MUS2-15 1 15
1 Grunnskolepraksis, 15 dager FM1-PRA-1 1 0
2 Grunnskolepraksis, 15 dager FM1-PRA-2 1 0
1 Profesjonsfag 1: Læreren, eleven og utdanningen FM1-PRO-15 2 15
Emner for årskull 2015
Fra semester Tittel og kode Ant.
semester
Studie-
poeng
1 Arrangering-komponering, gehør og teknologi 1 FM-ARR107 1 7
1 Musikkhistorie, musikalsk analyse og lytting 1 FM-MUH107 1 7
1 Hovedinstrument og samspill FM-HOV111 1 11
1 Profesjonsfag 1: Læreren, eleven og utdanningen FM-PRO115 1 15
1 Biinstrument FM-MUS2 1 10
2 Arrangering/komponering, gehør og teknologi 2 FM-STØ3 1 5
2 Musikkhistorie, musikalsk analyse og lytting 2 FM-STØ4 1 5
2 Grunnskolepraksis, 20 dager FM-PRA02 1 0
1 Grunnskolepraksis, 20 dager FM-PRA01 1 0
3 Tverrfaglig prosjektarbeid og metode FM-TPR115 1 15
3 Ensembleledelse og musisering FM-ENS105 1 5
3 Profesjonsfag 2: Læreren, eleven og kulturskolen FM-PRO215 2 15
3 Ensemblekunnskap FM-ENS120 2 20
4 Ensembleledelse og musisering 2 FM-ENS205 1 5
4 Kulturskole og ensemblepraksis, 15 dager FM-PRA03 1 0
Emner for årskull 2014

5 Profesjonsfag 3: Læreren, eleven og forskeren og samfunnet FM-PRO310 1 10
5 Arrangering/komponering, gehør og teknologi 3 FM-ARR305 1 5
5 Hovedinstrument og samspill 2 FM-HOV210 1 10
6 Praksis i varierte og videregående opplæringsarenaer, 15 dager FM-PRA04 1 0
6 Profesjonsfag 4: Bacheloroppgave FM-PRO420 1 20
6 Hovedinstrument, samspill og formidling FM-HOV315 1 15
Emner for årskull 2013

Emner for årskull 2012
Fra semester Tittel og kode Ant.
semester
Studie-
poeng
1 Fagdidaktikk og klasseromsmetodikk. FM-DIDAK 1 10
1 Hovedinstrument 1 FM-MUS1 1 10
1 Biinstrument FM-MUS2 1 10
1 Arrangering/komponering, gehør og teknologi 1 FM-STØ1 1 5
1 Musikkhistorie, musikalsk analyse og lytting 1 FM-STØ2 1 5
1 Grunnskolepraksis, 20 dager FM-PRA01 1 0
2 Innføring i pedagogikk med vekt på Læreren, eleven og opplæringen FM-PEDA 1 10
2 Arrangering/komponering, gehør og teknologi 2 FM-STØ3 1 5
2 Musikkhistorie, musikalsk analyse og lytting 2 FM-STØ4 1 5
2 Grunnskolepraksis, 20 dager FM-PRA02 1 0
3 Tverrfaglig arbeid og instrumentaldidaktikk FM-DIB 1 20
4 Læreren, eleven og organisasjonen FM-PEDB 1 10
3 Kulturskole og ensemblepraksis, 15 dager FM-PRA03 2 0
4 Ensemblekunnskap og musikkteknologi FM-MUS4 1 15
3 Arrangering/komponering, gehør og teknologi 3 FM-STØ5 (2) 2 5
3 Ensembleledelse og musisering FM-ENS105 1 5
4 Ensembleledelse og musisering 2 FM-ENS205 1 5
5 Profesjonsfag 3: Læreren, eleven og forskeren og samfunnet FM-PRO310 1 10
5 Arrangering/komponering, gehør og teknologi 3 FM-ARR305 1 5
5 Hovedinstrument og samspill 2 FM-HOV210 1 10
6 Praksis i varierte og videregående opplæringsarenaer, 15 dager FM-PRA04 1 0
6 Profesjonsfag 4: Bacheloroppgave FM-PRO420 1 20
6 Hovedinstrument, samspill og formidling FM-HOV315 1 15
Emner for årskull 2011
Fra semester Tittel og kode Ant.
semester
Studie-
poeng
2 Innføring i pedagogikk med vekt på Læreren, eleven og opplæringen FM-PEDA 1 10
1 Fagdidaktikk og klasseromsmetodikk. FM-DIDAK 1 10
1 Hovedinstrument 1 FM-MUS1 1 10
1 Biinstrument FM-MUS2 1 10
1 Arrangering/komponering, gehør og teknologi 1 FM-STØ1 1 5
1 Musikkhistorie, musikalsk analyse og lytting 1 FM-STØ2 1 5
2 Arrangering/komponering, gehør og teknologi 2 FM-STØ3 1 5
2 Musikkhistorie, musikalsk analyse og lytting 2 FM-STØ4 1 5
1 Grunnskolepraksis, 20 dager FM-PRA01 1 0
2 Grunnskolepraksis, 20 dager FM-PRA02 1 0
2 Ensembleledelse og musisering FM-MUS3 1 10
3 Tverrfaglig arbeid og instrumentaldidaktikk FM-DIB 1 20
3 Ensemblekunnskap og musikkteknologi FM-MUS4 1 15
3 Læreren, eleven og organisasjonen FM-PEDB 1 10
3 Kulturskole og ensemblepraksis, 15 dager FM-PRA03 1 0
4 Praksis i varierte og videregående opplæringsarenaer, 15 dager FM-PRA04 1 0
4 Arrangering/komponering, gehør og teknologi 3 FM-STØ5 (2) 1 5
5 Læreren, eleven og samfunnet FM-PED3 1 10
5 Arrangering/komponering, gehør og teknologi 4 FM-STØ6 1 5
5 Hovedinstrument og samspill FM-MUS5 1 10
6 Bacheloroppgave, estetikk og vitenskapsteori FM-BACH 1 20
6 Hovedinstrument, samspill og formidling FM-MUS6 1 15

Program sist oppdatert: 15.02.2017, kl.: 09.43

Sida ble sist oppdatert: 02.08.2017