Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Kontakt og praktisk informasjon

Vidareutdanning

Vidareutdanning blir av oss definert som utdanning som gir studiepoeng. Det kan vera enkeltståande vidareutdanningsemne, eit emne i ei større vidareutdanning eller eit emne i ei av grunnutdanningane.

Høgskolen tilbyr skreddarsydd utdanning på bestilling. Vidareutdanningane er fleksible slik at du oftast kan kombinere jobb og utdanning. Studietilboda er i ulik grad støtta av nettbaserte løysingar.

Etterutdanning

Etterutdanning er hos oss arbeidsplassbasert kompetanseheving, konferansar, kurs, førelesingar, kursrekkjer og liknande som ikkje gir studiepoeng, og som kjem i stand fordi det er etterspurd av verksemder, skolar, helseføretak eller liknande. Slike arrangement vert haldne ute i verksemdene eller på høgskolen, og er gjerne ein del av verksemda sine personalutviklingsstrategiar.

Praktisk info

Nokre studietilbod har kursavgift. Avgifta er personleg, med mindre det er eit skreddarsydd oppdrag. Det betyr at høgskulen som hovudregel fakturerer kursdeltaker og ikkje arbeidsgjevar. Du får ikkje refundert kursavgifta etter at du har takka ja til studieplass.

Alle studentar må betale semesteravgift, for tida kr 585. Denne kan bli justert frå semester til semester.

Dersom det er få kvalifiserte søkjarar som takkar ja til ei vidareutdanning, kan utdanninga bli innstilt. Eventuelt innbetalte avgifter vil i så fall bli refundert.

Utdanninga kan bli lyst ut igjen ved eit seinare høve. Følg med på ledige studietilbod!

All informasjon om dine rettar og plikter som student finn du på Studentportalen.

Kontakt

Kontakt oss gjerne for ein uforpliktande samtale om kompetanseheving, spørsmål om konkrete studietilbod eller karriererettleiing!

Sida ble sist oppdatert: 24.11.2016