Gå til HSHs startside! / Go to the home page!Gå direkte til sidas hovedinnhold! / Go directly to the main content of the page!Endre tekststørrelse / Change text sizeSideutskrift / Printer page
Studietilbud Pil Ingeniørutdanning Pil Branningeniør

Branningeniør

Ingeniørar med hjelm ser på eit brennande bygg i treningsbrann

Brannvern og sikkerheit er meir og meir viktig når lange tunnelar, høge bygg og kompliserte skip blir bygde.

Korleis studerer du?

Dette studiet gir deg kunnskap om prosessane som styrer ein brann. Med ei slik innsikt er du i stand til å estimera storleiken på ein eventuell brann, og vurdera konsekvensane av brannen. Studiet er tverrfagleg, og sentrale tema er brannfysikk, risikoanalyse, internkontroll, brannvern og bygningsteknologi. Me fokuserer òg på planlegging av ulike beredskapssituasjonar.

Studiet er organisert gjennom førelesingar, problembasert læring, gruppearbeid, bedriftsbesøk, lab og rettleiing. Me har eit eige brannlaboratorium der me utfører øvingar og testar. Det blir òg opna for studieturar i inn- og utland.

Det er berre HSH som tilbyr denne utdanninga i landet!

Ønskjer du å studera i utlandet?

Me har etablerte program og samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Dette gjer at opphaldet i utlandet blir godkjent som ein del av studiet ditt ved HSH, og du taper ikkje tid.

Ferdig utdanna! Korleis kan du læra meir?

Fullført bachelorgrad gir rett til å søkja opptak på mastergrader og vidareutdanningar i ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Høgskulen tilbyr i samarbeid med Universitetet i Bergen ein mastergrad i teknisk sikkerheit.

Korleis kjem du inn på studiet?

Du må ha

  • generell studiekompetanse + matematikk
    R1 + R2 og fysikk 1 eller tilsvarande
  • realkompetanse + matematikk R1 + R2
    og fysikk 1 eller tilsvarande
  • toårig teknisk fagskule (rammeplan 1998/99 eller tidligere ordningar).
  • eittårig forkurs for ingeniør- og maritim utdanning

Kva jobbutsikter har du som ferdig utdanna?

Mange av studentane våre arbeider som brannsjefar. Andre jobbar i førebyggjande avdelingar i brannvesenet, andre igjen er konsulentar i private, branntekniske konsulentfirma, byggtekniske firma, forsikringsselskap og innan offshorebransjen.

Ønskjer du meir informasjon?

Ta kontakt med studiekonsulent direkte på e-post dersom du har spørsmål om utdanninga, HSH generelt, eller opptak.

Sida ble sist oppdatert: 15.06.2010

| Mer

MERK: Kvalifiserer du deg for opptak til bachelor i ingeniørfag ved å ta eitt av realfagskursa ved høgskulen, skal du ikkje søkja Samordna opptak, men lokalt opptak innan 15.april 2010 på Søknadsweb.

Faktaboks og studiemodell Branningeniør

Valid HTML 4.01 Transitional