Gå til HSHs startside! / Go to the home page!Gå direkte til sidas hovedinnhold! / Go directly to the main content of the page!Endre tekststørrelse / Change text sizeSideutskrift / Printer page
Studietilbud Pil Lærarutdanning Pil Faglærar i praktiske og estetiske fag

Faglærar i praktiske og estetiske fag

Nullopptak for 2010-2011

Styret i HSH vedtok 16. juni 2010 eit såkalla nullopptak for faglærarutdanninga i praktiske og estetiske fag i studieåret 2010/2011. Det inneber at HSH ikkje tar opp studentar på denne utdanninga i år.

Ønskjer du informasjon om våre praktiske og estetiske fag ved HSH, som til dømes idrett, musikk og kunst og handverk - sjå menyen til venstre. Ta gjerne kontakt med studiekonsulentane på avdeling for lærarutdanning og kulturfag for meir informasjon og rettleiing.

Statistar og skodespelarar på scenen

Har du òg leita etter ei god og kreativ lærarutdanning med musikk, kunst- og handverk og drama?

Velkomen til oss!

Kva gjer ein faglærar i praktiske og estetiske fag?

Du vil ha mykje av undervisninga di i grunnskulen innan faga musikk, kroppsøving og kunst og handverk.

Du er òg kvalifisert for fagleg og kulturelt arbeid med barn og unge i kulturskulen og i andre delar av kultur- og idrettslivet.

Korleis studerer du?

Dei obligatoriske faga er pedagogikk og elevkunnskap, drama, kroppsøving, kunst og handverk, musikk og norsk. Saman med praksis gjev dette deg ein god plattform. Ein raud tråd i utdanninga er prosjekt som går på tvers for å skapa ei best mogleg og godt samansett utdanning. Døme: oppsetning av musikal, festival med meir.

Det er berre HSH som tilbyr denne utdanninga på Vestlandet!

Førelesningar og arbeid i små basisgrupper med oppsummering i fellesskap er viktige arbeidsmåtar. Praksisopplæringa utgjer 18 veker totalt i heile utdanninga. I tillegg møter du prosjektarbeid, problembasert læring og mange praktiske og kunstnariske aktivitetar.

Rettleiing skjer i direkte kontakt med lærar, individuelt, i grupper og over internett.

Utdanninga legg vekt på at du er ein aktiv og medverkande student.

Ønskjer du å studera i utlandet?

Som student ved HSH kan du ha eit opphald i utlandet i løpet av studietida. Etablerte program og samarbeidsavtalar gjer at opphaldet på tre til seks månader blir godkjent som del av studiet ditt ved HSH, og du taper ikkje tid.

Ferdig utdanna! Korleis kan du læra meir?

HSH tilbyr ein eineståande mastergrad i IKT i læring, og du kan dersom du ønskjer det, ta ei moderne lærarutdanning på 5 år ved HSH. Du har òg grunnlag for vidare studium ved høgskular og universitet, nasjonalt og internasjonalt.

Korleis kjem du inn på studiet?

Du må ha generell studiekompetanse eller realkompetanse for å koma inn på studiet. I tillegg må du framvisa politiattest ved studiestart.

Kva jobbutsikter har du som ferdig utdanna?

Du vil få ei brei kompetanse i dei praktiske og estetiske faga og har i tillegg til undervisning, mykje å bidra med i tverrfaglege tema og prosjektarbeid i grunnskulen.

Ønskjer du meir informasjon?

Ta kontakt med studiekonsulent direkte på e-post dersom du har spørsmål om utdanninga, HSH generelt, eller opptak.

Sida ble sist oppdatert: 29.06.2010

| Mer

Faktaboks og studiemodell Faglærar i praktiske og estetiske fag

Valid HTML 4.01 Transitional