Grunnskulelærar trinn 1.-7.

Sprudlande elevar. Dagane suser av garde. Opptur. Nokre knekk lesekoden så lett så berre det.
Inspeksjon. Konfliktløysing. Teammøte på trinnet. Elevane er superflinke og utviklar seg.
Nøgd med dagen! Nøgd med jobben!
Kva gjer ein grunnskulelærar 1.-7.?

Du arbeidar med barn og foreldra deira. Di oppgåve er å leggje til rette for eleven si læring og tilpasse opplæringa slik at den einskilde elev får utvikla seg med utgangspunkt i sine særlege føresetnader. I dette arbeidet brukar du varierte pedagogiske metodar avhengig av alderen, utviklinga og motivasjonen til eleven. Som lærar planlegg du undervisninga saman med kollegaer, og du vil samarbeide med heimen og eleven om opplæringa. Du er òg med på å avgjere korleis skulen skal drivast.
I denne utdanninga ser me på overgangen frå barnehage til skule. Sentrale tema er grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring.Korleis studerer du?
Faget pedagogikk og elevkunnskap er obligatorisk med 60 studiepoeng. I tillegg er faga norsk og matematikk obligatoriske med 30 studiepoeng kvar.
Du vil normalt få fire undervisningsfag som du kan undervisa i når du begynner å jobba i skulen. Minst eitt av faga skal vera på 60 studiepoeng.
Gjennom utdanninga får du gode fagkunnskapar, erfaring frå praksis (totalt omfang 20-24 veker), rettleiing av erfarne lærarar, og du lærer å reflektera over eiga rolle. Førelesingar og arbeid i små basisgrupper og oppsummering i fellesskap er viktige arbeidsmåtar. I tillegg møter du prosjektarbeid, problembasert læring og praktiske øvingar. Rettleiing føregår både individuelt, i grupper og over internett. Utdanninga legg vekt på at du er aktiv og medverkande.
Ønskjer du å studera i utlandet?
Som student ved HSH kan du ha eit opphald i utlandet i løpet av studietida. Etablerte program og samarbeidsavtalar gjer at opphaldet på tre til seks månader blir godkjent som del av studiet ditt ved HSH, og du taper ikkje tid.
Ferdig utdanna! Korleis kan du læra meir?
HSH tilbyr ein eineståande mastergrad i IKT i læring, og du kan dersom du ønskjer det, ta ei moderne lærarutdanning på 5 år ved HSH. Du har òg grunnlag for vidare studium ved høgskular og universitet, nasjonalt og internasjonalt.
Korleis kjem du inn på studiet?
Du må ha generell studiekompetanse eller realkompetanse og du må ha minst karakteren 3 i matematikk og norsk og minst 35 skulepoeng. I tillegg må du framvisa politiattest ved studiestart.
Ønskjer du meir informasjon?
Ta kontakt med studiekonsulent direkte på e-post dersom du har spørsmål om utdanninga, HSH generelt, eller opptak.
Grunnskulelærar trinn 5.-10.
Til toppen av sida.
Stolte og flotte ungdommar. Storefri. Ein kaffikopp. 25 kopiar og heildagsprøve. Skidag i morgon.
Elevar som undrar seg, elevar som engasjerer seg, elevar som utfordrar meg. Godt å sjå. Godt å oppleva.
Godt å vera lærar på ungdomsskulen.
Kva gjer ein grunnskulelærar 5.-10.?

Du arbeidar med barn, unge og foreldra deira. Di oppgåve er å leggje til rette for eleven si læring og tilpasse opplæringa slik at den einskilde elev får utvikla seg med utgangspunkt i sine særskilde føresetnadar. I dette arbeidet brukar du varierte pedagogiske metoder avhengig av føresetnadane til eleven. Som lærar planlegg du undervisninga saman med kollegaer, og du vil samarbeide med heimen og eleven om opplæringa. Du er òg med på å avgjere korleis skulen skal drivast.
Korleis studerer du?
Faget pedagogikk og elevkunnskap er obligatorisk for alle med 60 studiepoeng. Dei andre faga vel du sjølv. På HSH må du velja anten norsk eller matematikk som eit av faga dine 1. og 2. år. Du vil normalt få tre undervisningsfag som du kan undervisa i når du begynner å jobba i skulen, alle på 60 studiepoeng ( tilsvarande årsstudium).
Gjennom utdanninga får du gode fagkunnskapar, erfaring frå praksis (totalt omfang 20-24 veker), rettleiing av erfarne lærarar, og du lærer å reflektera over eiga rolle. Førelesingar og arbeid i små basisgrupper og oppsummering i fellesskap er viktige arbeidsmåtar. I tillegg møter du prosjektarbeid, problembasert læring og praktiske øvingar. Rettleiing føregår både individuelt, i grupper og over internett. Utdanninga legg vekt på at du er aktiv og medverkande.
Ønskjer du å studera i utlandet?
Som student ved HSH kan du ha eit opphald i utlandet i løpet av studietida. Etablerte program og samarbeidsavtalar gjer at opphaldet på tre til seks månader blir godkjent som del av studiet ditt ved HSH, og du taper ikkje tid.
Ferdig utdanna! Korleis kan du læra meir?
HSH tilbyr ein eineståande mastergrad i IKT i læring, og du kan dersom du ønskjer det, ta ei moderne lærarutdanning på 5 år ved HSH. Du har òg grunnlag for vidare studium ved høgskular og universitet, nasjonalt og internasjonalt.
Korleis kjem du inn på studiet?
Du må ha generell studiekompetanse eller realkompetanse, og du må ha minst karakteren 3 i matematikk og norsk og minst 35 skulepoeng. I tillegg må du framvisa politiattest ved studiestart.
Ønskjer du meir informasjon?
Ta kontakt med studiekonsulent direkte på e-post dersom du har spørsmål om utdanninga, HSH generelt, eller opptak.