Gå til HSHs startside! / Go to the home page!Gå direkte til sidas hovedinnhold! / Go directly to the main content of the page!Endre tekststørrelse / Change text sizeSideutskrift / Printer page
Studietilbud Pil Master IKT i læring

IKT i læring

Hender på eit laptoptastatur

IKT i fag. Pedagogisk forsking. Digital kompetanse i klasserommet. Ny lærarrolle. Digitale verktøy står sterkt i Kunnskapsløftet. Er du klar?

Kva kompetanse har du med master i IKT i læring?

Faktaboks og studiemodell Masterstudium IKT i læringDu har ein solid kompetanse og kvalifikasjon for å arbeida som lektor i grunnopplæringa (1.-13. klassetrinn).

Kva studerer du?

Studiet omhandlar bruk, integrering og utnytting av IKT i læringssamanheng. Det er ikkje eit studium i teknologi og i læringsteori som eigne disiplinar. Du studerer nye trendar innan IKT i læring, og får ei oversikt over utviklingsverktøy på ulike nivå. Me legg vekt på forholdet mellom læringsteoriar og digitalt orienterte læringsmiljø.

I studiet kan du velja mellom ein teknologisk orientert profil, ein fagdidaktisk profil med vekt på korleis digitale verktøy blir brukt i enkeltfag, og ein allmenndidaktisk profil med vekt på pedagogisk utviklingsarbeid.

I den fagdidaktiske profilen kan du velja fordjuping i realfag, kunstfag, språkfag, samfunnsfag eller andre fag. Dette gjer at du kan ta mastergrad i IKT i læring med fordjuping i for eksempel musikk, matematikk eller norsk.

I den teknologisk orienterte profilen kan du fordjupa deg i utviklinga av digitale læremiddel og utvikling av nettstøttalæringsmiljø.

I den allmenndidaktiske profilen kan ei fordjuping bli knytt til utviklingsarbeid

innan skuleleiing, skuleutvikling, rettleiing, tilpassa opplæring, eller andre relevante pedagogiske og/eller tverrfaglege tema.

Korleis studerer du?

Studiet er både kampus- og nettbasert. Det er to obligatoriske fellessamlingar i kvart studieår. I dei ulike profilane vil organiseringa av studiet bli tilpassa eigenarten i faga. Studiet kan gjennomførast på heiltid eller deltid (maksimal studietid for masterstudiet er fire år).

Korleis kjem du inn på studiet?

Studieåret 2010/2011 kan du søkje opptak til teknologisk, allmenndidaktisk, norsk og kunstfagleg profil.

For å koma inn på studiet må du ha ein av følgjande:

- tre- eller fireårig lærarutdanning

- lærarutdanning med cand. mag.-grad frå universitet eller høgskule

- bachelorgrad innanfor lærarutdanning eller tilsvarande utdanning.

I tillegg kjem eit krav om C eller tilsvarande, som samla karakter frå bachelorgraden. I søknad til norsk og kunstfagleg profil må ein i tillegg dokumentere fagleg fordjupning.

Retningslinjer for opptak finner du her

Gå til Søknadsweb

 

Kva jobbutsikter har du som ferdig utdanna?

Ei moderne lærarutdanning som gjev deg ein etterspurd kompetanse i bruk av digitale verktøy.

Med Kunnskapsløftet og aukande bruk av IKT elles i samfunnet, er behovet for arbeidskraft med pedagogisk IKT-kompetanse svært stort. Mange tidlegare studentar ved HSH arbeider i dag på høgskular, universitet, i grunnskule og på vidaregåande skular. Studiet rekrutterer òg arbeidskraft for andre offentlege og private næringslivsprosjekt.

Ønskjer du meir informasjon?

Ta kontakt med studiekonsulent direkte på e-post dersom du har spørsmål om utdanninga, HSH generelt eller opptak.

Sida ble sist oppdatert: 04.03.2010

Faginfo

Nyhende frå fagmiljøet:

RSS

Konferanse:

Forskingsprosjekt:

Samlingar:

Nyttige filer:

Pensumlister:

Kontakt:

Valid HTML 4.01 Transitional