Gå til HSHs startside! / Go to the home page!Gå direkte til sidas hovedinnhold! / Go directly to the main content of the page!Endre tekststørrelse / Change text sizeSideutskrift / Printer page
Studietilbud Pil Master Meistring og myndiggjering

Meistring og myndiggjering
Mastergradsstudium

Denne utdanninga pågår no - og blir ikkje lyst ut for studiåret 2010/11.

Me har gleda av å tilby ein mastegradsutdanning i samarbeid med Høgskulen i Volda.

Studiet siktar mot å styrkje helse- og sosialarbeidarar og pedagogar sin kompetanse i relasjonsarbeid retta mot einskildpersonar, familiar og grupper. Me fokuserar på meistring og myndiggjering av menneske i alle delar av livsløpet når det gjeld å handtere utfordringar i ulike situasjonar.

Kort om programmet: Gjennom studiet utviklar du kompetanse i kommunikasjon og informasjonsarbeid som kan leggje grunnlaget for læring, meistring og myndiggjering (empowerment).

Studiet vil òg gi grunnlag for å leie og utvikle helse- og sosialtenester med slik profil. Høgskulen i Volda er ansvarleg for studiet, men samarbeider med Høgskolen i Ålesund (HiÅ) og Høgskolen Stord/Haugesund.

Karrierevegar: Mastergradsstudiet gir eit godt grunnlag for klinisk arbeid, rådgjeving, Undervisning og førebyggjande arbeid. Særleg vil helseføretaka si satsing på læring og meistring gi utfordrande arbeidsoppgåver for mastergradskandidatane.

Fullført mastergradsstudium gir grunnlag for å arbeide med FOU, og kan også kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.

Slik er studiet lagt opp: Studiet er på 120 studiepoeng (stp), 75 av desse er obligatoriske, og inntil 45 er valfrie. Studiet gjennomførast på deltid ved HSH.

Det vert tre studiesamlingar á 3- 4 dagar per semester. Det kan søkjast om innpass og fritak av inntil 45 studiepoeng for relevant vidareutdanning, eller fullført utdanning i henhold til opptakskrav.

Obligatoriske emne:

  • Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet (15 stp.). Hausten 2009.
  • Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (15 stp.). Sjå dato for samlingar på HSH (Haugesund) her
  • Forskingsmetode og vitskapsteori (15 stp.). Hausten 2010 og våren 2011.
  • Masteroppgåve (30 eller 45 stp.). Går over to til fire semester frå hausten 2010.

Les meir om de ulike emna og studieprogram

Kontakt:

Studieleiar Tone Kringeland Tlf. 52 70 26 00

Sida ble sist oppdatert: 13.07.2010

| Mer

Fakta

Studiepoeng (ECTS): 120
Søknadsfrist: 1. juni
Studietid: Deltid
Studiestart: August 2009
Studiestad: Haugesund
Studieavgift: Ingen.
NB! semesteravgift kr. 610,- pr. semester.

Sjå dato for samlingar på HSH (Haugesund)

Søknad: Du sender din søknad elektronisk til Høgskolen i Volda sin søknadsweb. Du søkjer her

Studiet er lagt ut med søknadskode 4373.

Opptakskrav: Det generelle kravet for å bli teken opp er minimum treårig grunnutdanning i helsefagleg, pedagogisk eller sosialfagleg utdanning.

  • Bachelorgrad i helse- eller sosialfag
  • Allmennlærar med relevante fagval
  • Cand.mag. med relevant fagsamansetjing
  • Annan relevant grad eller utdanningsløp av minimum 3 års omfang etter vurdering.
  • For dei to siste punkta er det krav om fordjuping i fag, emne eller emnegruppe av minimum 80 studiepoengs omfang innan helse- eller sosialfag.

    Søkjarar med min. 60 stp relevant vidareutdanning vil bli prioritert ved opptak.

    Valid HTML 4.01 Transitional