Gå til HSHs startside! / Go to the home page!Gå direkte til sidas hovedinnhold! / Go directly to the main content of the page!Endre tekststørrelse / Change text sizeSideutskrift / Printer page
Studietilbud Pil Sjukepleiarutdanning

Sjukepleiarutdanning

Sjukepleiar
studiestad Stord eller Haugesund

Ein hektisk og triveleg kvardag. Du arbeider med friske og sjuke menneske i ulike livssituasjonar.
Eit givande og meiningsfullt yrke.

HSH har sjukepleierutdanning på to stader (kampus). Anten vel du å studere på Stord eller i Haugesund.

Korleis studerer du?

Målet vårt er å utdanna dyktige sjukepleiarar, som utøve fagleg skjønn basert på erfarings- og forskningsbasert kunnskap.

Studiet er delt i teoretiske og praktiske studium. Praksis utgjer halvparten av utdanninga, og skjer ved ulike helseinstitusjonar i Hordaland og Rogaland. Her vil du få god oppfølging og rettleiing. Me har òg vår eigen øvingsavdeling der du øver saman med andre studentar.

Praksis utgjer halvparten av utdanninga

Me legg vekt på refleksjon og samfunnsengasjement. Som student har du ansvar for eiga læring og skal ta del i medstudentane sin læreprosess gjennom studentarbeid, diskusjonar, prosjektarbeid, rettleiiing og framføring for kvarandre.

Ønskjer du å studera i utlandet?

Du kan reisa på eit tre månaders utvekslingsopphald ved eit universitet eller ein høgskule på ulike stader i verda i løpet av det tredje studieår ditt.

Me har avtalar med utdanningsinstitusjonar i kring 20 land. Som regel er det praksisperiodar du tek utanlands. I tillegg blir det lagt til rette for at utanlandske studentar

kan ta delar av gradene sine hos oss. Før utreise blir det arrangert seminar for å førebu deg på kva du kan møta.

Ferdig utdanna! Korleis kan du læra meir?

Ferdig bachelorutdanning gir rett til å søkja opptak på mastergradar og vidareutdanningar i helsefag både nasjonalt og internasjonalt.

Korleis kjem du inn på studiet?

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du framvisa politiattest ved studiestart.

Kva jobbutsikter har du som ferdig utdanna?

Som sjukepleiarar kan du arbeida i alle delar av helsetenesta på sjukehus, sjukeheim, heimesjukepleie, førebyggjande helseabeid i både offentleg og privat legepraksis, i bedriftshelsetenesta offshore, i ambulasetenesta, i misjonstenesta, i internasjonale hjelpeorganisasjonar og med undervisning og rettleiing.

Ønskjer du meir informasjon?

Ta kontakt med studiekonsulent direkte på e-post: Sjukepleie Haugesund eller Sjukepleie Stord dersom du har spørsmål om utdanninga, HSH generelt, eller opptak.

Sida ble sist oppdatert: 26.08.2010

| Mer

Faktaboks og studiemodell Sjukepleie

Valid HTML 4.01 Transitional